Hopp til innhold

Her konfronterer Knut sauetjuven

No trur politiet at tjuveriet er ein del av ei større sak. Det er nemleg ikkje første gong at sauer blir stolne frå Hemsedalsfjellet.

Konfrontasjon

KONFRONTASJON: Knut Johan Jansen (t.v.) tok sauetjuven på fersken.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Eg lurte på kva han dreiv på med, fortel Knut Johan Jansen.

Han er sauebonde, og har sauane på beite på Hemsedalsfjellet. I går tok han ein mann på fersk gjerning då han forsøkte å stele 20 sauer.

– Då eg fortalde at dette var mine sauer, blei han heilt paff. No er eg avslørt, sa han, fortel sauebonde Knut Johan Jansen.

Knut Johan Jansen

KUNNE MISTA 20 SAUER: Sauebonde Knut Johan Jansen.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Mannen hadde fått 20 av Jansen sine sauer opp i tilhengaren då han blei stoppa.

– Eg skjønte jo etter kvart at det her var jo mine og ein anna gardbrukar sine sauar.

Politiet fryktar samanheng mellom fleire saker

No trur politiet at tjuveriforsøket kan vere ein del av ei større sak.

– Når ein ser på det som var i ferd med å skje, så tyder ting på at det kan vere planlegging.

Det seier lensmann i Lærdal, Helge Øvstetun.

– Eg tenkjer og på kva slags mottakarapparat som står klar til å ta imot slike mengder dyr, seier lensmannen.

Helge Øvstetun

FRYKTAR EIN STØRRE SAK: Lensmann i Lærdal, Helge Øvstetun.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Det er heller ikkje første gong at sauar forsvinn frå Hemsedalsfjellet. I 2012 forsvann 60 av Svein Burud sine sauar frå det same området, utan å ha latt noko spor etter seg.

– Vi blei veldig forundra då vi mangla så mykje som 60 dyr. Vi rekna med at dei skulle dukke opp, men det gjorde dei ikkje. Vi fann ikkje nokon leivningar av dei, fortel Burud.

I tillegg vart ein sau stolen frå Gulen i 2013.

Store verdiar

Burud seier at mistankane han har hatt lenge, no nærast har blitt bekrefta.

– Det er vanskeleg å tru det før ein har klare bevis, men når saka kom opp att no kan vi knapt få eit tydlegare bevis på at det blir stelt dyr rundt omkring. Sannsynet for at det skjedde med våre dyr er stor.

Både Burud og Jansen seier at stolne dyr gir store økonomiske tap.

– Du har slakteverdi på lamma, og ein enda større verdi på avlsdyra. Vi manglar framleis den årgangen i saueflokken vår, og det vil vi gjere i minst 7 år etterpå, seier Burud

Knut Johan Jansen slapp å miste nokon sauer. Men sauane som heldt på å bli stolne i går var verdt 20.000 kroner.

– Det blir eit økonomisk tap, når dei driv på den her måten. Ikkje minst når du må leite etter sau som du ikkje trur skal vere vekke. Det kan ta fleire veker å leite etter sauane, seier Jansen.