NRK Meny
Normal

Politiet bar vekk demonstrantane

VEVRING (NRK): Politi og brannkorps klipte laus aksjonistane frå Natur og Ungdom som demonstrerer mot gruvedrifta i Vevring.

Aksjonistane i Vevring blir fjerna med makt av politiet etter at dei ikkje fjerna seg av fri vilje.

MED MAKT: Politiet handla raskt etter at demonstrantane ikkje følgde pålegget om å fjerne seg frivillig. Foto: Steinar Lote

NRK sin reporter på staden fortel at politiet har stilt mannssterke i Vevring.

– Det er eit politioppbod ein sjeldan ser makan til i Sogn og Fjordane. Det er rundt 17 polititenestemenn med hjelp frå brannmenn som er i ferd med å skjere laus for å fjerne demonstrantane som har lenka seg fast over vegen til Vevring der ein skulle ha starta prøveboring for gruvedrifta, fortel NRK-reporter Vidar Gudvangen.

Like før klokka 14 fekk aksjonistane pålegg om å fjerne seg. Viss ikkje ville dei bli fjerna av politiet.

Fraktar vekk aksjonistar

VEKK MED MAKT: Demonstrantane kan vente seg ei bot på 10 000 kroner etter den ulovlege demonstrasjonen.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Sperrar vegen

15 aksjonistar frå Natur og Ungdom har tysdag sperra av vegen inn til Engebøfjellet i Naustdal, der gruveselskapet Nordic Mining skal gjere prøveboringar. Blant aksjonistane som har lenka seg fast i Vevring i dag er Ingrid Skjoldvær, leiar i Natur og Ungdom.

– Vi må ty til lenking for å få stoppa dette prosjektet. Vi har gjort alt vi kan for å stoppe det på lovleg vis, seier Skjoldvær.

Politiet var tidleg på plass i morgontimane for å stoppe den ulovleg aksjonen, og innsatsleiar Gunnar Englund presiserte at dette var ein aksjon dei hadde som mål å stoppe.

Aksjonerer mot demonstrantar

TIL AKSJON: Politiet ventar ikkje lenger. No fjernar dei aksjonistane.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Vert frakta til Florø

No vil aksjonistane bli frakta vekk.

– Dei er bore inn i bussar der personalia blir registrert og kanskje gjort straksavhøyr, og deretter frakta til politistasjonen i Florø og sannsynlegvis vil dei få ein straffereaksjon der. Det kan vere ei bot i størrelsesorden 10.000 kroner.

Englund seier det var viktig for politiet å stoppe aksjonistane.

– Dei fekk eit pålegg om å avslutte aksjonen og fjerne seg, Det har dei ikkje godteke.

Dermed gjekk politiet til aksjon og fekk fjerna aksjonistane. I alt 14 personar vart plasserte i ein buss og køyrde til Florø. Dit kom dei litt over klokka 16. Englund seier at dei i tillegg til bøter får eit pålegg om å halde seg unna anleggsområdet på Engebøfjellet.

– Det reknar eg med at dei rettar seg etter. Men vi tek høgde for fleire aksjonar.

Litt før klokka 18 vart dei 14 aksjonistane sette fri, etter å ha blitt ilagt bøter på 10.000 kroner kvar.

14 aksjonistar vart arresterte etter å ha lenka seg fast for å hindre gruveselskapet Nordic Mining i å drive prøveboring i Engebøfjellet i Naustdal.

LENKA SEG FAST: Aksjonistane vil ikkje gi opp kampen for Førdefjorden. (Foto/redigering: Steinar Lote)

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå