Hopp til innhold

Politiet får refs av retten fordi dei ikkje tok urinprøve av full mann

Den fulle mannen meinte at politiet burde ha teke urinprøve. No har tingretten gitt politiet refs for at politiet ikkje ville gjere det.

Mannen vart dømd til fengsel i 18 dagar, med prøvetid på to år. Han må også betale 7.000 kroner i bot for slagsmål, og vald mot politi og ei Securitas-vakt utanfor eit hotell i Førde for to år sidan.

Mannen i slutten av 20-åra var deltakar på eit julebord då han fekk i seg så mykje alkohol at han ikkje hugsa noko frå 02-tida om natta til han vakna opp i arresten søndag morgon.

Men i mellomtida vart mannen ført ut frå hotellet, involverte seg i slagsmål med hotellgjester og vore fysisk utagerande ovanfor tilsette som ville roe situasjonen. Politiet vart tilkalla då han tok nakkegrep på ein Securitas-vakt som kom til.

Han både sette seg imot kontroll og slo ein kvinneleg politibetjent hardt i magen med knyttneven.

Mannen vart frifunnen då tingretten først handsama saka. Både forsvarar og aktor meinte at ein ikkje kunne utelukke at mannen, utan å vite det, kunne fått i seg anna enn alkohol.

Sjølv om også aktor prosederte på frifinning, anka altså påtalemakta avgjerda. Dei meinte lovbruken var feil, og at det vart gjort sakshandsamingsfeil.

Bad politiet sikre urinprøve

Det vart ført fem vitne då saka nyleg var oppe i tingretten igjen. Sakkunnige meinte mannen var tilrekneleg då valden fann stad.

Mannen erkjende at han hadde gjort det han var tiltala for, men nekta framleis straffskuld fordi han meinte rusen ikkje var sjølvforskyldt. Allereie då han vakna i arresten bad han politiet sikre urinprøve for å avdekke om han hadde fått i seg anna enn alkohol.

Han kunne ikkje forstå at han hadde gjort det han vart skulda for. Politiet valde å ikkje ta prøvane.

Retten er samd i at politiet burde følgt opp ynsket om å ta urinprøve.

Må betale solid bot

Samstundes meinte retten at det ikkje kom fram opplysningar gjennom saka som skulle tilseie at nokon kunne ha stappa noko i drinkane hans.

Politipatruljen som rykte ut til staden såg heller ikkje teikn til at mannen var rusa på anna enn alkohol.

Retten såg formildande på at saka har teke lang tid å få avgjort, utan at dette kan lastast mannen. Det var også eit eingongstilfelle.