Hopp til innhold

Tiltalte i «Barbiedop-saka» måtte vente over to år på sin dag i retten - politiet får hard kritikk

Politiet har brukt over to år på å etterforske den såkalla «Barbiedop-saka», der ein mann stod tiltalt for å ha kjøpt og seld store mengder farleg sjølvbruningsmiddel. No må påtalemakta tole hard kritikk

Ein mann i 40-åra står i dag tiltalt i Fjordane tingrett for å ha selt store mengder av det som populært blir kalla Barbiedop. Det er fyrste gang i Noreg at nokon må møte i retten for dette.

I 2011 slo politiet til mot verksemda til mannen, som den gongen budde i Nordfjord. No bur mannen i Møre og Romsdal. Men sidan siktinga blei teken ut, har politiet jobba alt anna enn raskt i saka. Dei har mellom anna analysert pengebruken til den tiltalte, og gjort nokre avhøyr, men likevel blei saka liggande i ein bunke hos politiet i Florø.

Mannen stod måndag tiltalt for å ha importert og seld vidare om lag 1700 brukardosar av stoffet melanotan 2, som er ei vidareutvikling av eit sjølvbruningsmiddel som blei utvikla i USA på 80-talet. Stoffet har særleg vore populært blant unge jenter, og i kroppsbyggingsmiljø.

Hevdar at det er menneskrettsbrot

I retten la mannen alle korta på bordet, og ville under normale omstende ha risikert å måtte sone i fengsel for handlingane. Det slepp han etter alle solemerke no etter at påtalemakta brukte over to år på å få saka fram for ein dommar.

– Det er ei alt for lang liggetid, men dei får sjølv stå for at saka har teke lang tid. Kva årsaka er tek ikkje eg noko stilling til. Det er sjølvsagt veldig beklageleg at det blir brukt så lang tid i rettsvesenet i dag. Det er også bakgrunnen for at eg hevdar at dette er brot på Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK).

Det sa forsvarar i saka, Maria Ursin Ingebrigtsen, til NRK.no etter at rettssaka var ferdig handsama i Fjordane tingrett måndag ettermiddag. Ho stiller seg kritisk til at kapasiteten til påtalemakta er så pressa at tiltalte i mange saker må vente lenge før dei får saka si opp. Denne ventetida er brot på menneskerettane, meiner advokaten.

Inger Beth Fosse

FORSTÅR KRITIKKEN: Politiadvokat Inger Beth Fosse.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Legg seg flat for kritikken

– Dette er ei sak der det ikkje finst nokon rettspraksis, så vi vil uansett sjå på kva premissar som kjem fram av dommen, så får vi vurdere i ettertid kva vi gjer.
Det er ingen som synes det er gøy å stå tiltalt, det har vore ei lang og tung påkjenning for han. Ei sak som har teke for lang tid, meiner Ingebrigtsen.

Aktor i saka, politiadvokat Inger Beth Fosse, legg seg i stor grad flat for kritikken som kom mot påtalemakta i Fjordane tingrett.

– Den kritikken tek vi absolutt alvorleg. Det er eit problem for oss at vi ikkje fort nok får sakene for retten. Det er og aktuelt å bite seg merke i slike tider der vi får politianalysen, spørsmål om tal juristar og så vidare, seier Fosse.

Vil gje mildare straff

Ho legg til at juristane i politiet gjer så godt dei kan, men at sjølv hos dei små politidistrikta er kapasiteten tidvis sprengt, noko som fører til at tiltalte i straffesaker må vente lenge og tidvis alt for lenge på å få ei dom.

– Difor la eg også ned påstand om mildare straff enn det eg ville gjort uten denne lange tida som er gått. Eg har ingen problem med å sjå at det er ei meirbelastning å vere under etterforsking så lang tid, det tek vi kritikk for, seier Fosse.

Ho la ned påstand om at mannen bør dømmast til 45 dagar fengsel på vilkår, og at vinsten av salet av «barbiedopet» blir inndrege til fordel for statskassa. Dommen mot mannen fell innan midten av januar.

Også eks-kona til mannen og ein nær kamerat er involvert i saka, og dei har begge fått bot. Ingen av dei har så langt godteke bota dei har fått, og kan såleis også hamne i retten.