Lensmann Kjell Fonn seier til NRK Sogn og Fjordane at dei etterlyser dei to gutane som vitne for å kartleggje aktiviteten i Førde drapsnatta og i morgontimane 6. juni.
Dei to gutane vart observerte på Hornnesvegen ved ballbana på Haugum mellom klokka sju og åtte søndag morgon.
Mørkhåra med lys hud
Begge ungdommane var mørke i håret og lyse i huda. Den eine er høg og tynn, den andre merkbart mindre. Den minste guten skal ha halta, opplyser politiet, som fekk tipset om dei to i dag.
Fonn avviser at det er noko med oppførselen deira som gjer at dei no er etterlyste som vitne.
Ligg langt vekke frå åstaden
Lensmann Kjell Fonn vil ha kontakt med dei to unge gutane. (Foto: NRK)
Området der dei to gutane vart sett ligg eit par kilometer frå åstaden, på andre sida av Førde sentrum.
- Plassen der dei to vart sett ligg i nærleiken av asylmottaket på Bergum. Har de peila etterforskinga inn på spesielle miljø?
- Nei, vi går framleis breidt ut, og vil kartleggje det som har skjedd i Førde. Dette er ein del av det.
- Kva etnisk bakgrunn har dei?
- Eg vil understreke at meldinga går ut på at dei er lyse i huda, så vi reknar med at det er norsk ungdom, seier Fonn.
Var våte
Lensmannen seier han ikkje veit meir om kor gamle dei to gutane er, men seier at sidan det regna drapsnatta, og gutane var synleg våte, så har dei truleg vore ute ei stund.
Fonn vil ikkje spekulere i om dei nye opplysningane har ført til at politiet er nærare ei pågriping i saka.