Det politiet veit er at den 41 år gamle mannen, som no er sikta for drapet på Anne Slåtten, reiste frå Førde til nabokommunen Gaular der han bur, om morgonen den 6. juni. Turen tek omlag ein halv time med bil. Her bur også søstra til mannen. Klokka halv ti om morgonen kom han på besøk til henne. Mannen var då sterkt rusa.
Vil snakke med sjåfør
Det politiet altså ikkje veit, er korleis han kom seg dit. Spesielt er det den som eventuelt gav skyss til mannen berre timar etter Anne Slåtten vart drepen, politiet vil ha kontakt med.
Forsvararen til den sikta ønskjer ikkje å kommentere saka.