Hopp til innhold

Politiet etterlyser glasbrot i valdtektssak

Mannen i 30-åra som er sikta i valdtekstssaka i Førde nektar å seie noko i avhøyr. I morgon blir han framstilt for varetektsfengsling.

Etterforsking av mogleg valdtekt i Førde.

ETTERLYSER GLASBROT: Politiet er interessert i om nokon kan ha fjerna glasbrot frå åstaden.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Lensmann Jan Egil Tvinde i Førde og Naustdal seier at dei ikkje har lukkast i å få den sikta mannen av afrikansk opphav til å forklare seg.

Den fornærma jenta i tenåra har og vore inne til nytt avhøyr i dag, utan at det har kome fram særleg mykje nytt, seier Tvinde.

Jan Egil Tvinde

VARETEKSTFENGSLING: Lensmann Jan Egil Tvinde seier den sikta blir framstilt for varetektsfengsling torsdag.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Ber om opplysingar om glasbrot

Lensmannen ber no om hjelp frå folk som har vore i området der valdtekta skal ha funne stad måndag den 28. september.

– Dersom det er nokon som har fjerna glasbrot frå vegen ved åstaden, i krysset Korsavegen/Hornnesvegen rundt klokka 21, så er vi interesserte i å kome i kontakt med vedkomande.

Etterforsking av mogleg valdtekt i Førde

SPERRA AV: Politiet sperra vegen medan dei leitte etter spor i samband med den moglege valdtekta i Førde.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Kva slags glasbrot er det snakk om?

– Det kan til dømes vere frå ei knust flaske.

– Kva skjer vidare i saka?

– Dette er ei alvorleg sak, så vi må arbeide vidare med etterforsking av ulike spor, så det er nødvendig for oss å framstille den sikta for varetekt.

Politiet i Førde søkte tysdag ettermiddag etter gjenstandar som kan ha vore brukt i samband med ei mogeleg valdtekt.

SJÅ VIDEO: Tenestemenn frå Førde og Naustdal lensmannskontor leitar etter gjenstandar som kan ha blitt brukt i samband med den mogelege valdtekta. (FOTO/REDIGERING: ODDLEIF LØSET/NRK)