Hopp til innhold

Her kjem ulukkesraset mot bilen – no etterlyser politiet føraren av bilen bak

VASSENDEN (NRK): Medan den fyrste bilen vart tatt av raset unngjekk den andre bilføraren raset, så vidt. Men politiet veit ikkje kven bilføraren er, og ynskjer å kome i kontakt.

Bilar som køyrer inn i raset i Årsetbakkane, Jølster

RASET: Dette biletet viser raset som stuper ned mot vegbana der to bilar er på veg inn i området.

Foto: Aud Nilsen Ramsvik

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Politiet har ein video der dei kan sjå at ein bilist ryggar ut frå området, seier lensmann i Sunnfjord, Dag Fiske.

– Vi etterlyser ein lys bil, det ser ut som personen køyrer inn mot raset rett etter at raset er gått.

Politiet meiner dette er den fyrste bilen etter raset.

– Vi vil gjerne kome i kontakt med vedkomande for å høyre om personen har opplysningar.

Jørgen Taklo filma raset på Årnes

Jørgen Taklo filma raset på Årnes

Augevitne: – Det var heilt grufullt

Aud Nilsen Ramsvik såg raset som stupte ned mot vegen der bilane kom køyrande. Ein bil er teken av raset.

I fylgje BT, som fyrst intervjua Ramsvik, var klokka 20.45 då ho tok biletet som viser det veldige raset.

– Eg stod på kjøkenet og høyrde fyrst buldring, så såg eg frå vindauget at det kom ei sky høgt oppe frå fjellet Klauva.

Ramsvik seier til NRK at ho såg raset kome breiare og breiare.

– Eg ser to bilar, ganske langt frå kvarandre, så ser eg raset, så ser eg på bilen.

Ramsvik ser ikkje bilen fysisk bli tatt av raset. Men ho ser bilen som kom etter der politiet vil ha kontakt med føraren.

– Den andre bilen såg eg rygga bakover, han var ganske langt frå raset. Den fyrste bilføraren såg ikkje ut som han rakk å reagere på raset.

Etterpå såg Ramsvik ei stor sky som la seg over vatnet då raset enda i sjøen.

– Det var heilt grufullt, eg vart sjokkert og det var mange inntrykk med ein gang.

Brannfolk kasta seg i båtane for å hjelpe

Utrykkingsleiar for brannvesenet i Jølster, Arve Dvergsdal, var den fyrste som kom til rasstaden for å leite etter den sakna.

Han hadde jobba med å evakuere E39 med båt på vatnet, og brannmannskap kunne raskt sette kurs mot staden.

– Vi heiv oss i båtane, då vi kom fram såg vi at raset var enormt.

Arve Dvergsdal

RYKKA UT: Arve Dvergsdal var på rasstaden vel 10 minuttar etterpå.

Foto: Bård Siem / NRK

Brannmannskapet køyrde opp mot rasområdet med båt så langt dei kunne kome seg inn. I tillegg kom folk frå Røde Kors og mannskap frå Skei og Vassenden.

Mannskapa jobba med fare for eigen tryggleik, i tilfelle det kunne kome nye ras.

– Det var ingenting å sjå. Det var utriveleg. Vi visste jo heller ikkje om det kunne kome meir.

Etter kvart kom det til to helikopter, og mannskapet skaffa seg større tryggleikssone.

– Vi håpa i det lengste at det ikkje skulle vere bil i raset, men diverre. Det er tragisk.

Har leita med søkestenger og metalldetektorar

Leitemannskapa har sjekka området med søkestenger og med metalldetektorar.

– Det området vi har klarert verkar som ganske sikkert at det ikkje er nokon sakna, seier Dvergsdal.

Leitearbeidet held fram mellom anna med fjernstyrt undervassfarkost. Lensmann i Sunnfjord, Dag Fiske, seier til NRK at storleiken på raset gjer søket krevjande.

– Skredet er veldig stort. Det er via sonar gjort eit søk som viser storleiken under vatn. Det går 750 meter ut i vatnet, det vil seie at det er masseforskyving så langt. Breidde er 200 meter og det går ned på over 100 meters djupne. Det er klart det utfordrar søksarbeidet betydeleg, seier Fiske.

I helga vil det bli gjort overflatesøk og strandsøk langs Jølstravatnet.

– Kan ha informasjon som vi treng

Politiet håpar bilføraren som kom etter ulukkesbilen tar kontakt.

– Det er mogleg at vedkomande har vore i kontakt med politiet, at vi har namnet i vårt materiell, men vi ynskjer at vedkomande tar kontakt med oss på nytt.

– Vi veit ikkje kva informasjon personen har, men det kan vere informasjon som vi har bruk for, seier Fiske.