Hopp til innhold

Politiet etterforskar dødsfall

Forbipasserande fann ein livlaus mann i 50-åra i Svelgen. Politiet etterforskar dødsfallet.

Video Responstid for politiet tema på Stortinget.

AVHØYR AV VITNE: Politiet skal avhøyre fleire vitne etter dødsfallet i Svelgen.

Foto: Nyhetsspiller

Det var sundag morgon forbipasserande fann ein livlaus mann i 50-åra i Svelgen. Det melder Firdaposten.

– Vi mistenkjer ikkje at det har skjedd noko kriminelt. Dette er eit uventa dødsfall, der vi etterforskar saka for å kartlegge dødsårsak, seier politiførstebetjent Synnøve Domben til NRK.

Gjennom dagen skal politiet gjennomføre fleire vitneavhøyr.

– Vi skal snakke med mellom fem til seks vitne, seier Domben.

Mannen er sendt til obduksjon til Gades institutt i Bergen.