Hopp til innhold

Politiet etterforskar årsaka til bryggekollapsen

Det er ei svært beklageleg hending, seier ordførar Noralv Distad.

flytebrygga i gudvangen

GANGBRU: Ei bru mellom to større brygger losna, og seks personar hamna i vatnet.

Foto: Arne Veum

Politiet etterforskar kva som er grunnen til at ei brygge kollapsa i Gudvangen tysdag.

Seks personar hamna i vatnet, og ein vart send til Voss sjukehus. Brygga er eigd av Aurland hamnestell, som er eit kommunalt føretak i Aurland kommune.

– Vi har fått melding om at det har gått bra med alle involverte. Men det er ei veldig beklageleg hending, seier ordførar i Aurland, Noralv Distad.

Eitt år gamal brygge

Mange turistferjer og småbåtar ferdast på streninga mellom Aurland og Gudvangen, gjennom UNESCO-området Nærøyfjorden.

Brygga som kollapsa var eit supplement til hovudkaien i Gudvangen, og vart bygd for eitt år sidan.

Kva som er grunnen til at den rauk då dei 174 turistane skulle gå om bord på båten dei skulle på tur med, er enno ukjend.

– Det kan ikkje eg uttale meg om enno. No skal politiet etterforske, og det er opp til dei å ta det vidare, seier assisterande hamnesjef i Aurland hamnestell, Jon Olav Stedje.

Poltiiet vil trenge lengre tid å finne ut årsaka til bryggekollapsen, fortel Per Rimmen ved politiet sin operasjonssentral.

– Det kjem an på om dei må hente inn andre med ekstra kompetanse på konstruksjon og slikt i etterforskninga, fortel Rimmen.

Jon Olav Stedje, assisterande hamnesjef i flåm
Foto: Arne Veum / NRK

Trur ingen vil melde høvet til politiet

Turistane skulle på tur med ein båt frå selskapet Norwegian Fjord Voyage. Ånen Nilsen hadde ikkje sett teikn på at brygga kunne kome til å kollapse.

– Det kom som ein gedigen overrasking. Eg har aldri vore ute for noko slik, fortel han.

Dei måtte utsette dei neste avgangane på grunn av arbeidet med å få turistane trygt på land og sikre at dei hadde det bra.

– Det er to brygger, og ein gangveg i mellom dei. Det var denne trebrua som knakk saman, fortel Nilsen.

Etter det Nilsen kjenner til ynskjer ingen av turistane som hamna i vatnet å melde saka til politiet.

– Det var ikkje så alvorleg som det kan høyrest ut som. Det var ingen skader, så det gjekk jo bra, seier Nilsen.