NRK Meny
Normal

Politiet endrar tidspunkt for når Veronica sist kan ha blitt sett i live

Den siste observasjonen av Veronica Heggheim Stegegjerdet var truleg søndag helga før ho forsvann.

Veronica Heggheim Stegegjerdet

SIST SETT SØNDAG: Politiet har lenge jobba ut ifrå at Veronica Heggheim Stegegjerdet truleg sist vart sett i live laurdag 25. oktober. No har vitne endra tidspunktet for observasjonen.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

For ein månad sidan gjekk politiet ut og bad om tips etter at eit vitne hadde observert ein person med hund ved brua i Årøy laurdag 25. oktober. Politiet har sidan jobba ut ifrå at dette kan vere den siste observasjonen av Veronica Heggheim Stegegjerdet medan ho enno var i live.

I dag skriv Sogn Avis at tidspunktet er endra til søndag ettermiddag eller kveld.

– Me har vitne som er rimeleg sikre på at det er ei dame med hund vart observert på brua sundag ettermiddag eller kveld, og ikkje laurdag. Me kan aldri vere heilt sikre, men det er det som er mest truleg per no, seier regionlensmann Arne Johannessen til NRK.no

Arne Johannessen

ØNSKJER TIPS: Regionlensmann Arne Johannessen seier det er viktig at vitne som kan ha sett noko den aktuelle søndagen, melder frå til politiet.

Foto: Christian Blom / NRK

– Kva betyr dette for etterforskinga?

– Kva det betyr er vanskeleg å svare på. Men det me er opptekne av no, er å få sjekka ut denne observasjonen, komme i kontakt med vedkomande person som var der eller eventuelle vitne som kan ha sett denne personen. Det er viktig at dei tek kontakt med oss, seier Johannessen

– Så de går ikkje nødvendigvis ut ifrå at kvinna som er observert er Veronica?

– Det er heilt umogleg å vita. Det kan eg ikkje spekulera i, seier Johannessen.

Han seier det alltid er utfordrande i ei etterforsking å få på plass ein nøyaktig hendingsgong. I sær når det har gått så lang tid.

– Å vere vitne er aldri enkelt, det er vanskeleg å tidfesta ting. Men det er dette me no går ut ifrå, seier Johannessen.

– Kva er grunnen til at vitnet har endra tidspunktet for observasjonen?

– Det kan eg ikkje utdjupa, seier han.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast