Hopp til innhold

Politiet droppar ferdselsforbod - viss ikkje situasjonen krev det

Aksjonistar som vert fjerna frå Engebøfjellet, vil ikkje lenger bli ilagde eit generelt ferdsels- og opphaldsforbod. Politiet kan likevel komme til å nytte forbodet, men då i kortare tidsrom.

Aksjonistar for fjord

OPPHEVA: Dei aksjonistane som har fått opphalds- og ferdselsforbod skal få beskjed om at dette ikkje lenger gjeld.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Det ferdselsforbodet, i den form det er gitt og med den varigheit som er gitt til no, vil ikkje bli halde oppe, seier konstituert politimeister i region Vest, Bjørn Larsen.

Sidan Nordic Mining starta opp arbeidet med prøveboringar i Engebøfjellet i byrjinga av februar har aksjonistar frå forskjellige organisasjonar gjort sitt for å hindre arbeidet.

Politiet har kvar dag måtte frakta vekk aksjonistar som har sperra området, eller den siste tida lenkja seg fast til anleggsmaskiner inne på sjølve anleggsområdet. Fleire av desse har vorte islagde eit generelt opphalds- og ferdselsforbod, nokre av dei med varigheit til 30. april.

Er ikkje forbodet som er fokus

No har politiet gått vekk frå denne praksisen. Men det er ikkje fordi politiet ikkje har heimel til å gje ferdselsforbod.

– Spørsmålet er kor lenge eit slikt forbod skal vare. Vi snakkar om finjuss her, men viss eit ferdselsforbod skal vare over ei viss tid, må det gjerast i form av ei forskrift. Vi har teke eit strategisk val og droppar dette forbodet. Det er ikkje det som er fokus, seier Larsen.

Bjørn Larsen

FOKUS: Konstituert politimeister i region Vest, Bjørn Larsen, seier det ikkje er opphaldsforbodet som er fokus for politiet.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Han understrekar at dersom situasjonen krev det, kan politiet påleggje aksjonistar å halde seg borte frå området, men i eit kortare tidsrom.

Han legg ikkje skjul på at aksjonane har tappa politiet for ressursar.

– Det er brukt uforholdsmessig store ressursar av dei avgrensa ressursane politidistriktet har. Dette gir prioritetsmessige utfordringar med tanke på dei oppgåvene vi er sette til å løyse, seier Larsen.

Trur fleire lokale kjem til å delta

Leiar i Natur og Ungdom, Ingrid Skjoldvær, var ein av dei første aksjonistane som vart fjerna for nær to veker sidan og fekk forbod mot å opphalde seg i området.

– Det er positivt at politiet no trekkjer dette tilbake. Fleire lokale har vegra seg mot å vere med nettopp på grunn av dette, seier Skjoldvær.

Ho peikar på at ferdselsforbodet har gjort det vanskeleg for Natur og Ungdom å organisere støttefunksjonar rundt aksjonistane.

Ørjan Thingnes bur i Vevring og var ein av dei første som lenka seg fast i anleggsmaskinene. Ferdselsforbodet han vart ilagd, gav han utfordringar sidan han bur i området.

– I teorien måtte eg til Eikefjorden for å komme meg til Vevring. Det var litt drastisk, seier Thingnes.

Han er glad for at forbodet no er slutt, og deler oppfatninga til Skjoldvær om at fleire lokale personar kanskje no vil nytte høvet til å syne sin motstand.

– Ja, det trur eg, seier Thingnes.