Hopp til innhold

Politiet byrja palmehelga med fartskontroll

Palmehelg betyr folk som skal kome seg til hytta etter jobb, og ei auke i biltrafikken. Politiet har vore på plass i dag for å passe på at folk ikkje køyrde for fort.

Inge Verøy gjennomfører fartskontroll

FARTSKONTROLL: Inge Verøy i UP gjennomfører ein fartskontroll ved Drægebø i Gaular fredag

Foto: Sigrid S. Botheim / NRK

– Vi tok 13 stykk med for høg fart. Den høgste farten var 128 kilometer i timen, og han mista førarkortet, seier Einar Vereide i utrykkingspolitiet.

Sjølv om det ikkje ser ut til å bli det beste vêret i palmehelga, er det framleis ei helg med mykje biltrafikk på vegane. Utrykkingspolitiet nyttar høvet til å passe på at folk held fartsgrensene. Mellom anna med ein kontroll på Vadheim.

– Vi er her primært for å kontrollere fart, men vi er også ute eter å kontrollere generell åtferd i trafikken, seier Vereide.

Er det ekstra mange bilar ute på vegane no i palmehelga?

– Det er som forventa meir trafikk enn vanleg. Då er vi oppteken av at folk finn sin plass i køen, og ikkje prøver seg på farlege forbikøyringar eller liknande, seier Vereide.

Einar Vereide

PASSAR PÅ: Einar Vereide i utrykkingspolitiet passar på at folk held farten i trafikken.

Foto: Sigrid S. Botheim / NRK

Kontrollerte i seks timar

Farleg forbikøyring var nett det som var tilfellet med han som køyrde i 128 km/t. Vereide fortel likevel at dei i dag kanskje tok litt mindre enn det som er vanleg med den trafikken som har vore.

– Vi stod ved Vadheim i nesten seks timar, så det at vi tok 13 stykk er kanskje litt mindre enn venta. Samstundes går farten litt ned når trafikken er så tett som i dag.

Fartskontroll i Gaular

HALDT PÅ LENGE: Politiet stod i fleire timar ved Drægebø i Gaular i dag for å kontrollere bilistar.

Foto: Sigrid S. Botheim

Set inn fleire folk

Politiet er ute med ein ekstra stor styrke i samband med palmehelga, og Vereide seier at det gjer at dei tek fleire som bryt trafikkreglane.

– Når vi er ute med fleire er det større sjanse for at overtramp blir slått ned på.

UP konsentrerer innsatsen sin inn mot hovudvegane, og dei kan fortelje at det særleg er på E39 ein ser ei auke i trafikken.

– Vi reknar med at det kjem mykje trafikk frå Bergen som skal nordover no i palmehelga, så då må vi berre følgje med, seier Vereide.

– Ikkje noko vits å køyre for fort

Om nokon kjenner presset til å kome fort fram til endemålet sitt når dei no skal ut på påsketur, er rådet frå politiet klart.

– Ta deg god tid, og ta pausar. Nyt påska, og ikkje stress. Ein kjem ikkje så mykje fortare fram med å køyre fort, seier Vereide.