Hopp til innhold

Politiet bur seg på å gjere søk under vatn

FLORØ (NRK): Leitemannskap søker framleis etter sakna Harald André Skåre (45), men gjørmete vatn gjer søket i Storevatnet utfordrande.

Søker med hund og båt

SØKJER I VATNET: Politiet held fram med søk langs land og i Storevatnet.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Måndag kveld held søket fram, både med søk på land og overflatesøk i Storevatnet i Florø.

– No har vi størst fokus på søket på land, og samstundes jobbar vi med å vidare utvikle søket i vatnet slik at vi får gjennomsøkt det grundigare, seier operasjonsleiar for politiet, Inge Værøy, til NRK seint måndag ettermiddag.

Utover i veka vil det truleg vere på plass sonara for å få gjennomsøkt vatnet grundigare. Så langt har det vanskeleg å leite i vatnet på grunn av mykje gjørme og dårleg sikt.

Sist sett natt til søndag

Harald Andre Skåre

SAKNA: Harald André Skåre (45) er sakna i Florø.

Foto: Politiet

Den sakna er Harald André Skåre (45). Skåre er sist observert i Florø sentrum kl. 01.30 natt til søndag.

Han var ikledd dongerijakke med kvit pels og ei blå dongeribukse. Den sakna kan ha hatt på seg ei svart hue og eit svart skjerf. I tillegg har han hatt på seg brune Timberland-sko.

Skåre er 188 cm høg og slank. Han er skalla med såkalla fippskjegg på haka og litt bart.

Har funne mobilen til den sakna

Det har natt til måndag vore søkt etter Harald André Skåre i Storevatnet i Florø. Funn av mobilen til den sakna har gjort til at søket blir konsentrert rundt vatnet.

– På nordsida av vatnet har vi funne mobiltelefonen til Skåre og ein tobakkspakke med lighter som vi antar høyrer til han, seier politiførstebetjent Kjell Magne Barsnes.

Telefonen vil bli analysert for bevegelsar.

– Vi hadde kontakt med telefonen tidlegare, og fekk posisjonert den til omtrent der den blei funnen. Vi må anta at den har vore der ei stund, seier Barsnes.

Leiteaksjon
Foto: Alf Vidar Snæland

Ber folk sjekke eigedomane sine

Politiet held fram med søk langs land og i Storevatnet.

– Vi held fram med søk. Det er søk på land og i vatn. Svømmarar frå Røde Kors snorklar i overflata og søkjer gjennom heile vatnet, men vatnet er svært grumsete, fortel Barsnes.

– Vi har finsøkt i teigane som var grovsøkt i natt, utan nokon funn. Det har vore båtar med hundar om bord som har søkt langs strandsona. Det har blitt markert nokre plassar på nordsida av vatnet, seier Barsnes.

Han oppmodar folk om å sjekke eigedommane sine.

– Vi har også søkt i hagar, opne kjellargangar og leikestover for å sjå om han kan vere der, men vi set pris på om folk sjekkar uteområda og kjellarane sine.

Ønskjer kontakt med vitne

Politiet i Florø ønskjer kontakt med alle som var i Florø sentrum, samt området Tua, Kleiva, Storevatnet og Lisjevatnet natt til sundag i tida mellom kl. 01 til kl. 08.

– Alle som har opplysningar om hans bevegelsar i helga, og då spesielt natt til sundag, bør snarast mogleg ta kontakt med politiet på telefon 57 75 88 61 eller 57 75 88 63, seier politiførstebetjent Kjell Magne Barsnes.

Store leitemannskap leiter no etter ein familiemann i 40-åra i Florø. Mannen vart sist sett natt til søndag i sentrum og meldt sakna i halv-ni tida i går kveld.

LEITAR: Mannskap frå politi, Røde Kors, Brannvesen, Sivilforsvaret og Norske redningshundar deltek i søket etter den sakna.