Politiet brukte to timar på å komme fram

Politipatrulja måtte komme frå Florø då det søndag var behov for politihjelp i Sørbøvåg i Hyllestad. Dermed tok det to timar før hjelpa var framme.

Laster kart, vennligst vent...

– Brannvesenet hadde ei responstid på 20 minutt frå dei vart oppringde, medan politiet brukte to timar, seier rådmann i Hyllestad, Bente Nesse.

Ho tykkjer det er hårreisande at ein må vente så lenge på politiet i ein slik situasjon.

– Vi kan ikkje akseptere at det er ei responstid på to timar til Hyllestad. Konsekvensen av det vil i mange tilfelle vere at ting er avklart. Når det går to timar før politiet kjem, kan ein stille spørsmål om det er behov for politi i det heile teke, seier Nesse.

Fryktar brannvesenet får nye roller

Ho fryktar at ein ser byrjinga på at brannvesenet, som konsekvens av nærpolitireforma, får andre roller enn det dei tradisjonelt har hatt.

– Med den lange responstida som ein anar politiet vil få framover, vil brannvesenet kanskje måtte gå inn i heilt andre episodar enn kva ein har måtte gjort tidlegare, både med tanke på valdsepisodar eller personar som er mentalt ustabile. Den diskusjonen må takast noko breiare enn det som er gjort til no, seier Nesse.

Bente Nesse

UROA: - Eg fryktar at ein satsar på sannsynet for at det sjeldan skjer noko alvorleg i utkantane, seier Hyllestad-rådmann, Bente Nesse.

Foto: Pressefoto / NRK

Ho peikar på at politiet har ei heilt spesiell utdanning for å vere rusta for sine oppgåver.

– Vi treng ein diskusjon om kva som skal vere brannvesenet si rolle, og om kva som er akseptabel responstid for politiet. Så må det riggast etter det, slik at også distriktskommunar kan ha den tryggleiken dei skal ha, seier Nesse.

Trur utkantane vert taparane

Ho fryktar utkantane vert taparane i politireforma.

– Det er vel det vi har sett i den seinare tid, og dette kan ha konsekvensar i større ulykker som vi kanskje ikkje heilt ser, seier Nesse.

Regionlensmann i Sunnfjord, Jan Egil Tvinde stadfestar at politiet måtte køyre frå Florø til Hyllestad då oppringinga kom.

Jan Egil Tvinde

IKKJE OVERALT: - Med den ressurssituasjonen vi har, klarar vi ikkje ha rask responstid overalt, seier regionlensmann i Sunnfjord, Jan Egil Tvinde.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Han understrekar at kravet til responstid, som er 45 minutt på 80 prosent av oppdraga i område med mindre enn 2.000 innbyggjarar, berre gjeld saker med prioritet 1. Utrykkinga til Hyllestad hadde prioritet 2.

Klarar ikkje ha rask responstid overalt

– Patruljen var oppteken med eit anna oppdrag i Florø, i tillegg til at vi hadde litt dårlegare bemanning enn kva vi vanlegvis har den dagen. Operasjonssentralen vurderte det slik at det likevel var rett å sende patruljen frå Florø, seier Tvinde.

– Må folk i distrikta rett og slett finne seg i at det tek tid for politiet å komme fram?

– Med den ressurssituasjonen vi har, har vi ikkje moglegheit til å ha så mange personar i beredskap til ei kvar tid at vi kan ha ei rask responstid overalt, seier Tvinde.

Han legg til at politiet må leggje tenestene sine der det skjer mest og hyppigast.

– Vi har klare statistikkar på kor ting skjer, og kor ting ikkje skjer, seier Tvinde.

Øya Bremangerlandet vil vere utan veg til fastlandet fram til neste veke.
For han som var sekundar frå å bli treft av steinblokkene, var det ei skremmande oppleving.
Over 3000 asylsøkjarar har forsvunne siste året.
  
Heile villreinstammen på Nordfjella, nær 2000 dyr, bør utryddast snarast råd. Det meiner forskarar etter at det i fjor blei påvist skrantesjuke. 
I dag møttes forskarar, politikararar og forvaltninga, for å diskutere den vidare kampen mot smitta.