Hopp til innhold

Politiet brukte tida på vindmøller

Politiet i Vågsøy har måtte legge fleire saker på vent i sommar på grunn av dei nye vindmøllene på Mehuken.

Vindmølle til Mehuken 2

LANG TRANSPORT: Politiet måtte bruke mykje tid på å ledsage vindmølletransporten.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

Vindmøllene er over 40 meter lange, og politiet har måtte bruke mykje tid på transporten opp på fjellet.

Lensmann Tormod Hvattum seier fleire saker måtte leggast på vent.

– Det er klart vi merka det. Vi måtte ledsage transporten og enkelte saker måtte vi leggje på vent.

Brukte oppmot femti timar

I sommar vart åtte nye vindmøller frakta opp til vindmølleanlegget på Mehuken i vågsøy. Det bettydde også mykje arbeid for politiet som måtte køyre framfor lastebilane med blålys for å varsle om lang last.

– Vi har hatt mellom 20 og 25 transportar i løpet av åtte veker. Kvar transport har teke omlag to timar.

Setjer inn alle krefter

For eit lite lensmannskontor som også var midt i ferieavviklinga, fekk desse køyreoppdraga konsekvensar. Fleire saker måtte leggast på vent, mellom anna etterforskinga av ulovleg brenning av søppel på jonsokafta .

Men no skal politiet sette inn alle krefter på å ta att det tapte.

– Vi må setje inn ressursar på å ta unna dei sakene som har hopa seg opp.