NRK Meny
Normal

Politiet om responstid: – Ikkje bra

Politiet måtte køyre 89 kilometer og brukte over ein time på å komme seg til den kapra bussen mellom Årdal og Tyin.

Ronny Iden

BRUKTE LANGT TID: Politimeister Ronny Iden seier at næraste patrulje var nesten ni mil vekke.

Foto: Truls Kleiven/Jan Christian Jerving

Klokka 17:35 fekk politiet melding om at det hadde skjedd ei trafikkulukke mellom Årdal og Tyin på fylkesveg 53 i Sogn og Fjordane.

Det viste seg at bussen var kapra, og store styrker blei sende til staden.

Brannmannskap var først på staden i 18-tida og pågreip mannen klokka 18:43. Politiet var på plass 18:49.

Politimeister i Sogn og Fjordane, Ronny Iden, fortalde på ein pressekonferanse at nærmaste politipatrulje måtte køyre frå Lærdal - 89 kilometer unna.

– Politiet reiste til staden nokså umiddelbart etter at dei fekk varsel. Det var denne patruljen som fekk oppdraget fordi det var den næraste patruljen. Dei valde å køyre over Filefjell med bakgrunn i kunnskap om at den kortaste vegen var stengd.

– Korleis ser du på at det tok så lang tid før politiet var til stades?

– I denne tragiske saka kan vi sjølvsagt seie at det ikkje var bra, men vi vet ikkje noko meir om omstenda rundt dette, seier Iden.

– Tida det tek å komme for politiet å komme fram i Sogn og Fjordane har vore omdiskutert lenge?

– Ja, det er rett at responstida har vore eit tema lenge, seier Iden.

Ei kvinne på 19 år og to menn i 50-åra er stadfesta drepne etter at Valdresekspressen blei kapra. Gjerningsmannen, ein mann i 30-åra frå Sør-Sudan, er arrestert og teke hand om av helsepersonell.

Siste fra politiet i Florø

SJÅ VIDEO: Politimeister Ronny Iden fortel om den bussdramaet på ein pressekonferanse i Florø.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Valdresekspress-kapringen» i nytt vindu