NRK Meny
Normal

Politiet brukte fire år på narkosak

Ein mann i 30-åra fekk kraftig strafferabatt etter at politiet har somla med å få saka hans gjennom rettssystemet.

Ein oktoberdag i 2012 vart sunnfjordingen teken med 200 gram metamfetamin, 1 gram hasj og fem tablettar Rivotril. Når han fire år seinare møtte i retten for om saka, innrømde han å ha hatt narkotikaen på seg.

Å ha så store parti med metamfetamin på seg kan føre til fengsel i opptil eitt år og ni månadar, men Fjordane tingrett fann fleire formildande omstende.

I dommen står det mellom anna at det er fire år sidan det straffbare forholdet fann stad, utan at den sikta kan lastast for det.

«Dette er kritikkverdig og i strid med kravet om rettargang innan rimeleg tid.» Saka var også oppe i retten som tilståingsdom eitt år etter at han vart arrestert, men saka vart returnert frå tingretten og vart sidan liggande. Retten ser også formildande på at den sikta har kome seg ut av langvarig rusmisbruk.

Som følgje av dette vart han dømd til fengsel i seks månadar, som blir gjort på vilkår med ei prøvetid på to år.