Hopp til innhold

Politiet braut kravet om 45-minuttars utrykkingstid i eksplosjonsulukka

I brannen i Skatestraumtunnelen gjekk det 53 minuttar frå politiet blei varsla til den fyrste patruljen var framme. Kravet er 45 minuttar.

Brann i Skatestraumtunnelen

DRAMATISK: Ei tankvogn med 16.500 liter bensin eksploderte 300 meter inne i den undersjøiske tunnelen onsdag føremiddag.

Foto: Quirinus Adrichem

Stig Inge Hauge

KLARER IKKJE RYKKJE UT FORTARE: Stig Inge Hauge ved Sogn og Fjordane politidistrikt seier Skatestraumtunnelen er ein vanskeleg tilgjengeleg stad.

Foto: Eirik Hildal

– Det er ein vanskeleg tilgjengeleg stad for politiet. Me har ikkje politifolk som arbeider så nær at me makta å rykkja ut på noko betre tid, seier Stig Inge Hauge ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Hauge var stabssjef for redningsaksjonen under den dramatiske eksplosjonsulukka i den undersjøiske Skatestraumtunnelen i Bremanger kommune onsdag.

Utrykkingstid: 53 og 60 minuttar

Klokka 10.27 onsdag blei Sogn og Fjordane politidistrikt varsla om ulukka: Ei tankvogn med 16.500 liter bensin eksploderte 300 meter inne i den undersjøiske tunnelen, men til alt hell gjekk ikkje menneskeliv tapt.

Klokka 11.20–53 minuttar etter at politiet blei varsla–var den fyrste politipatruljen på plass på nordsida av tunnelen. Dei kom flygande med eit Sea King-helikopter frå Florø.

Klokka 11.27–60 minuttar etter at politiet blei varsla–var den fyrste patruljen på plass på sørsida av tunnelen. Dei kom køyrande med bil og ferje frå Måløy.

Eksplosjon i Skatestraumtunnelen

RØYK VELTA UT: Slik såg det ut like etter eksplosjonen i Skatestraumtunnelen.

Foto: NRK.no-tipsar

Kravet: 45 minuttar

Politiet har krav på seg til å vera på ulukkesstaden innan 45 minuttar. At politiet onsdag brukte lenger tid enn kravet, kommenterer Hauge ved Sogn og Fjordane politidistrikt slik:

– At det tek så lang tid til å koma seg til ein slik plass er innanfor det me kan forventa.

– Er dette godt nok?

– Det vil alltid vera eit spørsmål. Men det er viktig å ha med seg at ulukka skjedde på eit relativt gunstig tidspunkt, der folk var på arbeid og klare til å rykkja ut. Dessutan fungerte naudnettet godt, slik at alle som var på veg til ulukkesstaden til ei kvar tid var oppdaterte.

Sogn og Fjordane politidistrikt har tidlegare fått kritikk for sein utrykkingstid, til dømes i trippeldrapet på Valdres-ekspressen i Årdal.

I Skatestraumtunnelulukka reknar politiet utrykkingstida frå det tidspunktet dei respektive lensmannskontora blei varsla, og ikkje frå det tidspunktet politiet sin alarmsentral fekk beskjed. Difor vil ikkje Hauge bruka 53 og 60 minuttar som responstid.

– På nordsida: 49 minuttar. Og på sørsida: 48 minuttar. Og det er eigentleg ei forventa utrykkingstid til eit såpass vanskeleg tilgjengeleg område.

Innsatsleiaren ved Skatestraumstunnelen

LANG REISETID: Patruljen som kom til nordsida av tunnelen, brukte 53 minutt.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen

Blei ringt opp av kona

Espen Gulliksen

EIN AV DEI FØRSTE: Politimann Espen Gulliksen var tilfeldigvis i nærleiken og melde seg til teneste.

Foto: Maria Pile Svåsand

– Det kjennest ut som ei evigheit der du står, seier Espen Gulliksen som var ein av dei fyrste på ulukkesstaden.

Gulliksen arbeider til dagleg ved operasjonssentralen til Sogn og Fjordane politidistrikt i Florø, men hadde i går føremiddag fri og drakk morgonkaffien hjå gode vener heime i Rugsundet i Bremanger då han blei ringt opp av kona som er kontortilsett ved lensmannskontoret i kommunen.

Ho fortalde om tankvogna med bensin som brann i Skatestraumtunnelen, ikkje så langt frå der Gulliksen var. Gulliksen kasta seg difor i bilen og melde seg til teneste for operasjonssentralen.

Ifølgje loggen til politiet kom han fram til tunnelopninga på nordsida klokka 10.48–21 minuttar etter at politidistriktet var blitt varsla, og 32 minuttar før den fyrste ordinære politipatruljen var på plass.

Tunnelbrann i Skatestraumtunnelen
Foto: NRK.no-tipsar

Evakuerte folk i båt

– Fyrst fekk eg jaga folk vekk frå tunnelopninga og sett bilen min opp som sperring cirka 500 meter unna. Røyken som kom veltande ut av tunnelopninga var farleg. Han var kolsvart, og me visste at det var bensin som stod i fyr, så eg ville ha folk vekk på lang avstand.

Kledd i shorts og skjorte tok Gulliksen styringa på redningsaksjonen i den innleiande fasen. Han starta arbeidet med å evakuera husa som låg nær tunnelopninga og fekk ein kjenning til å springa ned til innbyggjarane i grenda Hamnen.

– 5–6 personar i husa der blei evakuerte ut i båt. Ein annan person sprang opp til husa på austsida av tunnelopninga og fekk evakuert folka i dei to næraste husa.

Brannmenn ved Skatestraumtunnelen

STORE STYRKER: Alle brannkorpsa i nærleiken blei varsla og rykka ut.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Politimannen får ros

– Innsatsen til Gulliksen var veldig viktig, seier Stig Inge Hauge i Sogn og Fjordane politidistrikt.

– Han gjorde ein strålande innsats, og det var veldig bra at me hadde han buande der, slik at han kunne rykkja ut på kort varsel.

– Kor viktig er det å ha politifolk buande kringom i distrikta, slik me onsdag såg døme på?

– Det er veldig viktig for at politiet skal kunna koma raskt til staden, noko som er avgjerande spesielt i slike alvorlege hendingar. Dette vil òg ha stor betydning for den framtidige strukturen i politiet.

– Korleis bør Politidirektoratet ta med seg erfaringane frå Skatestraumtunnelulukka og til dømes storbrannen i Lærdal, når dei i åra som kjem skal leggja den nye politistrukturen i detalj?

– Det vil vera veldig viktig å ta høgde for slike ting, og at dei legg til rette for at politifolk skal kunne bu ute i distrikta, og at ikkje alt blir sentralisert inn til større stader. For då vil me mista moglegheita som me hadde i dette tilfellet, nemleg å bruka ein politimann som var såpass nær ulukkesstaden og kunne bidra.

Fungerande politidirektør, Vidar Refvik, ønskjer ikkje å kommentera ulukka i Skatestraumtunnelen, og heller ikkje kva den dramatiske hendinga bør få å seia for den framtidige organiseringa av norsk politi i distrikta.

Inne i Skatestraumtunnelen

Slik rykte naudetatane ut under Skatestraumtunnelulukka

10.26: Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK) i Helse Førde får melding om ulukka.

10.27: AMK Helse Førde trippelvarslar brann og politi.

10.28: Fyrste ambulanse blir varsla, Svelgen.

10.29: Lege i Hauge i Bremanger blir varsla.

10.30: Andre ambulanse blir varsla, Bremanger.

10.30: Brannkorps i Svelgen blir varsla, framme truleg litt over 11. (Brannvesenet har ikkje eksakt logg på dette.)

10.31: Politiet i Florø blir varsla.

10.31: Luftambulanse i Helse Førde blir varsla, Førde.

10.33: Hovudredningssentral Sør blir varsla.

10.33: Regionalt AMK i Helse Vest blir varsla.

10.34: Brannkorps i Hauge blir varsla, framme truleg etter 20 minuttar (Brannvesenet har ikkje eksakt logg på dette.).

10.35: Brannkorps i Florø blir varsla.

10:35: Redningshelikopteret i Florø blir varsla, tek med seg politi til ulukkesstaden.

10.37: Brannkorps i Davik blir varsla.

10.37: Tredje ambulanse blir varsla, Eid.

10.39: Lensmannskontoret i Vågsøy blir varsla.

10.40: Brannkorps i Eikefjorden blir varsla.

10.44: Brannkorps i Vågsøy blir varsla.

10.45: Fjerde ambulanse blir varsla, Vågsøy.

10.48: Andre ambulanse er framme ved Skatestraumtunnelen.

10.53: Politiet melder frå om at det går eit helikopter frå Bergen, med plass til røykdykkarar. Denne helikopterturen blir seinare avlyst. Brannvesenet i Bergen byrjar då å skaffa ny transport, men får avlyst bestillinga klokka 11.43.

10.52: Fyrste ambulanse er framme ved Skatestraumtunnelen.

11.05: Luftambulanse i Helse Førde er framme ved Skatestraumtunnelen.

11.20: Den fyrste politipatruljen når fram til nordsida av Skatestraumtunnelen, kjem i redningshelikopter frå Florø.

11:27: Den fyrste politipatruljen når fram til sørsida av Skatestraumtunnelen, kjem i bil frå Måløy.

11.28: Fjerde ambulanse er framme ved Skatestraumtunnelen.

11:42: Tredje ambulanse er framme ved Skatestraumtunnelen.

Kjelde: Sogn og Fjordane politidistrikt, Helse Førde og Brannvesenet i Sogn og Fjordane