NRK Meny
Normal

Politiet berga jente opp av elva i Førde

Halv to i natt melde ein politipatrulje i Førde at ein person var observert i elva. Eit minutt seinare kom meldinga om at ei mindreårig jente var henta på land.

Berga jente frå elva

VART BERGA: Politi, helsepersonell og brannvesen på staden der ei mindreårig jente i natt vart berga opp frå elva.

Foto: Eirik Hildal / NRK

Politiet har ingen opplysningar om korleis jenta hamna i elva, eller om ho var saman med nokon då det skjedde.

– Det viktigaste er at det gjekk bra, seier Per Rimmen ved operasjonssentralen i Florø.

Jenta var vaken og tilsynelatande i god behald då ho kom på land, men vart likevel køyrt til legevakta for ein sjekk. Etter kvart vart foreldra kontakta og dei kom for å hente ho.

Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.