NRK Meny
Normal

Politiet vil ha barnevernet tilgjengeleg 24 timar i døgnet

Barnevernet er einig med politiet i at beredskapen bør betrast.

Per Rimmen i Vest politidistrikt

ØNSKJER MEIR HJELP FRÅ BARNEVERNET: Operasjonsleiar Per Rimmen.

Foto: Åsta Urdal

Bakgrunn for ønske frå politiet er saka kor ei 2 år gammal jente tidlegare i sommar la ut på vandring i Sogndal sentrum midt på natta. Politiet hadde ingen å ringe som kunne ta seg av jenta.

– Vi forsøkte å komme i kontakt med barnevernet fleire gonger. Men det viser seg at det ikkje er noko døgnopen vaktordning her i Sogn og Fjordane.

Det fortel operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Per Rimmen. Tre studentar i 20-åra enda opp med å ta vare på den to år gamle jenta, som hadde gått mellom to og tre kilometer midt på natta.

Vil ha nokon å kontakte

– Innsatsen til dei som tok vare på jenta er strålande, seier Rimmen.

Men han skulle helst sett den ikkje hadde vore nødvendig.

– Det er ei utfordring. På den tida av døgnet er det berre naudetatane som svarar. Der er ingen vaktordning i barnevernet, kor den saka her eigentleg høyrer heime. Då blir det politiet si oppgåve å løyse oppdraget.

Det vil Rimmen helst sleppe, og derfor ønskjer han seg ei døgndriven vaktordning i barnevernet.

– Det har vi etterlyst i fleire år.

– Born i Noreg har krav på rett hjelp

Hadle Blikra er barnevernsleiar i Sogn Barnevern. Han kan fortelje at det går mot ein betre beredskap i alle landets kommunar.

– I midten av juni i år kom Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet med eit utsegn, som er sendt til alle kommunane. Der seier dei at alle norske kommunar skal ha ein akutt beredskap i barnevernstenesta.

Hadle Blikra

GOD BEREDSKAP ER VIKTIG: Seier leier i Sogn Barnevern, Hadle Blikra.

Foto: Ida Brevik

Blikra er einig med Rimmen i at barnevernet bør vere tilgjengeleg oftare.

– Barn og unge i Noreg har eit rettsleg krav på rett hjelp til rett tid. Det å ha ein godt opplyst akuttberedskap er viktig.

Håpar på samarbeid på tvers av kommunegrenser

Nøyaktig korleis små kommunar med få tilsette skal klare å følge direktoratet sin utsegn, er Blikra framleis usikker på.

– Vi er ikkje så store at det vil vere naturleg at kvar enkelt kommune skal etablere ei beredskapsordning. Her må ein sjå for seg eit samarbeid på tvers av kommunegrensene.

Sjølv om den to år gamle jenta i Sogndal til slutt vart attendeført med foreldra, meiner Blikra at barnevernet må vere meir involvert i liknande saker i framtida.

– Vi kan ikkje overlate det her til andre instansar, som til ein viss grad har gjort tidlegare. Politi og andre hjelpeinstansar skal ikkje inn å løyse oppgåver som i utgangspunktet ligg til barnevernstenesta.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå