Hopp til innhold

Politiet åtvarar om glatte vegar

To bilar har frontkollidert på E39 i Jølster. Fire personar er lettare skadde, og politiet åtvarar no om at det er svært glatte vegar mange stader.

Trafikkuhell ved Flaten på Eikås i Jølster.

SAMANSTØYT: Det sat to personar i kvar av bilane som støytte saman ved Flaten på Eikås i Jølster.

Foto: NRK.no-tipsar

Kollidert bil på Jølster

STORE MATERIELLE SKADAR: Ingen av dei to bilane som var involvert i ulukka går an å køyre vidare, men personane som sat i bilane slapp unna med lettare skadar.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Både ambulanse, politi og brannvesen er framme på staden der ulukka har skjedd, og to av dei som var i bilane seier at dei har vondt i høvesvis brystet og handa, seier operasjonsleiar Tatjana Knappen i Vest politidistrikt.

Det var to personar i kvar av bilane, og alle har blitt sett til av ein lege. Legen har konkludert med at det er tale om lettare skadar.

Joachim Malterud i politiet

KØYR FORSIKTIG: Joachim Malterud ber folk køyre forsiktig på det glatte føret.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Ulukka har skjedd på ein strekning med 70-sone på E39 gjennom Jølster som heiter Flaten.

Politiet seier at kollisjonsputene er utløyst i begge bilane, og ingen av dei går an å køyre vidare.

Veldig glatt på vegen

Innsatsleiar i politiet Joachim Malterud seier til NRK på staden der trafikkulukka har skjedd at vegen er veldig glatt.

Bil som har kollidert på Jølster

HEKTA FAST: Dei to bilane hekta seg fast i kvarandre etter samanstøyten. Ingen av bilane var køyrbare.

Foto: Oddleif Løseth / NRK

– Det har snødd ganske tett, og det ligg eit veldig glatt lag med sørpe på vegen, så det er framleis utfordrande, seier han.

Første nyttårsdag er ein dag med mykje trafikk på vegane, og politiet ber folk ta omsyn til dei krevjande køyreforholda. Det kan nemleg vere likande køyreforhold andre stader og.

– Det gjeld å ta det med ro, og heller kome litt seint men trygt fram. Er du i tvil, så senk farten, seier Malterud.

Eikås