Politiet åtvarar mot utrygg skøyteis

Fleire stader i fylket har barn gått utpå utrygg is. No ber skule og politi foreldre om å passe på barna sine.

Farleg is Lillevatnet florø

TYNN IS: Går du ut på Lillevatnet i Florø sentrum er du bokstaveleg talt på tynn is. Her ser ein spor etter barn som har vore på isen tidlegare i dag.

Foto: Truls Kleiven / NRK

I Florø har politiet onsdag fått melding om fleire born som har leika seg på isen på Storevatnet og Lillevatnet. Samstundes vert isen rekna som så utrygg at dei som skal måle den ikkje vil gå utpå. Difor valde politiet å gå ut med ei åtvaring.

– Vi er ganske tidleg ute i ein frostperiode og isen har ikkje fått sett seg skikkeleg enno, seier Espen Gulliksen, operasjonsleiar for politiet.

– Bør ikkje vere utpå isen

Dei har fått melding om born ute på isen på Storevatnet og Lillevatnet i Florø.

Farleg is Lillevatnet Florø

FARLEG: Politiet åtvarar mot dette.

Foto: Truls Kleiven / NRK

– Vi har sjekka med brannvesenet og kommunen og der får vi beskjed om at isen er så utrygg at dei ikkje vil sende eigne folk utpå for å måle den eingong, og då seier det seg sjølv at andre heller ikkje bør vere utpå, seier Gulliksen.

Han meiner folk bør vere svært forsiktige med å gå ut på isen før ein er sikker på at det er trygt.

Ber foreldre passe på

At born har vore på isen før tryggleiken har vore sikra likar han ikkje.

– Eg tenker som så at her har faktisk foreldra ei oppgåve i å passe på ungane sine og gi klar beskjed, seier han.

– Trur du det berre er i Florø at isen er usikker?

– Eg vil tru at dette er tilfelle andre plassar, ikkje berre i Florø. I alle fall langs heile kysten er ein rimeleg utrygg på dei innsjøane som er vil eg tru.

Storevatnet Florø - farleg is

IKKJE TRYGT: Fotografen fortel at det til høgre utanfor dette biletet er heilt fritt for is, og at det verkar svært utrygt å gå ut på isen.

Foto: Truls Kleiven / NRK

Same problem i Jølster

Ved Vassenden skule har dei også opplevd at barn går ut på utrygg is.

– Etter skuleslutt i dag var det elevar som bevega seg ut på tynn is på Jølstravatnet. Heldigvis vart dette oppdaga og vi sende ein tilsett ned til vatnet, skriv dei på skulen sine heimesider.

Skulen oppmodar no foreldre til å prate med borna sine om kor farleg det kan vere å gå utpå is som ikkje er trygg.

– På skulevegen skal ingen gå på isen. Vassenden skule har som rutine at ingen får gå på islagt vatn før isen er kring 10 centimeter tjukk. Det skal vere vaksne til stades og isen skal vere undersøkt av kyndige folk, skriv dei vidare.

Gulliksen i politiet har eit klart råd til dei som er ivrige etter å få på seg skøytene;

– Vent til den er sikker og at det vert gjeve klarsignal.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.