Hopp til innhold

Politiet åtvarar mot såpeglatt rv5

Fleire bilistar fortel om såpeglatt veg og tilnærma kaotiske tilstandar mellom Fjærland og Sogndal.

Kaos i Sogndalsdalen

KØ: Det er lang kø frå begge sider etter at bilistar har fått store vanskar på veg mellom Fjærland og Sogndal.

Foto: NRK.no-tipsar

Både store og små bilar har fått problem på den halvannan kilometer lange strekka etter Tylden bru i retning Sogndal.

– Det er heilt eksepsjonelt. Eg har aldri opplevd så glatt veg før, seier Frode Henden som køyrde frå Førde til Sogndal i ettermiddag.

Klarde ikkje fote seg

Kaos og stilleståande kø på strekninga mellom Sogndal og avkøyrsle til Notsete i retning Sogndalsdalen. Buss og vogntog på tvers. Ekstremt glatt.

Henden fortel at føret elles gjennom Sogndalsdalen var bra. Han seier glatta det siste stykket ned mot Sogndal kjem brått på. Henden trur kombinasjonen snøfall, salting og stor trafikk er årsaka til problema i Sogndalsdalen.

Ventar på bilberging ved Maristova.

VENTAR: Også ved Maristova over Filefjell måtte bilistane vente på bilberging måndag ettermiddag.

Foto: NRK.no-tipsar

– Det er rett og slett så glatt at folk gjekk i grøfta. Dei klarde ikkje å fote seg på vegen, seier han.

Ein semitrailer skal ha sklidd sidelengs ut i grøfta, slik at trekkvogna stod fast i grøfta og hengaren på «halv åtte» ut i vegen.

Stengde veg

– Personbilar klarer å komme igjennom, men store køyrety vil ikkje komme seg forbi. Her trur eg ein treng dirigering ganske fort. Alle som står fast treng kjettingar/hjelp for å komme seg vidare, fortel Henden.

Folk må hugse at vi bur i NORGE. Og det inneber snø og glatte vegar. Snøen må få lande på vegen før den skal brøytast bort og ikkje minst så kan ikkje brøytebilane vere over alt. Slutt å klage folkens.

Ein periode var vegen heilt stengd på grunn av bilberging.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Politiet rykte ut

Entreprenør har også meld tilbake om at det skal vere strødd til Hodlekve, og at strøbilen er på veg attende mot Sogndal. Både bilberging og politiet var på staden.

– Det stod ein semitrailer på tvers, som sperrar begge køyrefelt. No har bilberinga fått flytta den litt, men den sperrar framleis eine køyrefeltet. Det er lange køar på begge sider, opplyser operasjonsleiar Johnny Lilleng hos politiet.

– Vi har fått tilbakemelding frå våre folk at det er kaos, og vi vil drive trafikkdirigering. Fleire, både små og store bilar, har fått problem, legg han til.

Klokka 18.30 var vegen rydda, men politiet opplyser at det framleis er glatt i området.

Store problem

Vinterføret har skapt store problem på vegane i fylket måndag. Magnhildskaret var lenge stengt i Bremanger på grunn av vogntog som stod fast.

Store delar av føremiddagen skapte både trafikkulukke og trafikkuhell lange køar ved Moskog.

I tillegg var fylkesveg 609 stengd ved Stongfjorden stengd i fleire timar etter at eit vogntog mista to hjul. Vegen var opna att like over klokka 18.

Slik er stoda

Uvêr har stengd fleire vegar. Slik er situasjonen klokka 19 måndag:

  • Rv 13 Vikafjellet - Mellombels stengd på grunn av uvêr. Blir ikkje opna i dag.
  • Rv 52 Hemsedalsfjellet - Kolonnekøyring på grunn av uvêr. Ventetid kring to timar.
  • Fv 13 Gaularfjell - Mellombels stengd på grunn av uvêr.
  • Fv 50 Hol - Aurland - Mellombels stengd mellom Nilsegard og Øyestøl på grunn av uvêr.
  • Fv 53 Tyin - Årdal - Mellombels stengd på grunn av uvêr.
  • Fv 616 Isane - Davik - Mellombels stengd på grunn av steinras. Venta opna onsdag 7. desember.