Hopp til innhold

– Eg veit det er veldig mykje prat om det på bygda

Politiet har ingen mistenkte etter skogbrannane på Kaupanger. No ber dei folk slutte å spekulere rundt årsakene til brannane.

Skogbrann ved Amla i Kaupanger 6. juni 2018

FLAKS OG SIVILE HINDRA SPREIING: Slik såg det ut på den siste skogbrannen på Kaupanger. Mellom 100 og 200 kvadratmeter vart svidd av før sivile og brannmannskap fekk sløkt flammane.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Etter seks skogbrannar på kort tid på Kaupanger, har det vore spekulert i om brannane kan vere påsette. Politikontakt for Sogndal og Leikanger, Jorunn Furuheim, har fått med seg spekulasjonane, og påpeikar at det framleis ikkje er nokon mistenkte i sakene.

– Eg veit det er veldig mykje prat om det på bygda, og tenkjer det er viktig å få fram at vi ikkje har nokon mistenkte i brannsakene, seier Furuheim.

Fem vitne er avhøyrde

Ho seier at saka er under etterforsking, og at fem vitne er avhøyrde. Dei undersøker også fyrstikkøskja for tekniske spor. Furuheim har ei klar oppfordring til bygdefolket på Kaupanger.

– Det er viktig at lokalbefolkninga overlèt etterforskingsarbeidet til politiet, i staden for å snakke om kven dette kan vere. Då kan dei kanskje legge skulda på nokon som ikkje har noko med saka å gjere.

Brannslokking på Kaupanger i Sogn

SEKS SLIKE PÅ TO VEKER: På to veker var det seks skogbrannar på Kaupanger. Ingen av dei fekk utvikla seg til ein storbrann.

Foto: Arve Uglum / NRK

Trass i nokre regnbyer dei siste dagane, er skogbrannfaren langt frå over i store delar av Noreg. Mot helga er det meldt meir regn .

Uroa for tida etterpå

– Me skal kunne sjå kvarandre i auga etter denne saka er over. Det kjem ein dag når regnet kjem tilbake, seier Christoffer Knagenhjelm.

Christen Knagenhjelm og Christoffer Knagenhjelm

– TENK PÅ MORGONDAGEN: Christoffer Knagenhjelm er oppteken av at ingen skal måtte ha eit rykte hengande over seg i lang tid i ettertid av skogbrannane på Kaupanger.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Han er bror til ein av dei to store skogeigarane på Kaupanger, og jobbar i ungdomslaget i Sogn og Fjordane.

– Gjennom jobben min ser eg kor viktig det er at små lokalsamfunn heng i hop. Eg veit sjølv kor lenge rykte kan leva, dei får sitt eige liv. Me er ikkje større enn at folk skjønar kven som pratar om kven. Me skal treffast på butikken, i skogen og på idrettsbana også etter dette. Eg håpar ikkje me kjem i ein situasjon der me ikkje kan sjå kvarandre i auga, fordi ein har sagt noko ein ikkje burde, seier Knagenhjelm.