Politidirektoratet har brukt over seks månader på klagen: – Frykteleg vanskeleg

Nala er forsvunnen, Politidirektoratet har enno ikkje bestemt seg for om ho skal leve eller døy, og att sit ein familie som ventar på at saka får ein slutt.

Tommy Fredriksen, eigar av hunden Nala

VENTAR PÅ SVAR: Tommy Fredriksen er eigar av hunden Nala. Han forstår ikkje at det skal ta så lang tid å kome med ei avgjerd i saka.

Foto: Benedikte Grov / NRK

– Ein får ei kjensle av avmakt, seier Tommy Fredriksen.

Han og familien har venta lenge på å få vite det dei lurer aller mest på: Skal Nala døy eller får ho leve? Det tærer på, fortel han.

– Det er vanskeleg og trist for oss vaksne også, men vi klarer å kome oss gjennom dette utan at det øydelegg kvardagen. Men sånn er det ikkje for barna, spesielt dei yngste.

Saka ligg for tida på Politidirektoratet sitt bord. Dei fekk inn klagen den 22. november i fjor. I samband med det fekk Fredriksen vite at behandlingstida kom til å verte seks månader. Lenge å vente, syntest han og familien, men i det minste ein dato å sjå fram til.

Likevel, 22. mai kom og gjekk, og framleis har ikkje Politidirektoratet kome med ei avgjerd i saka. Det stadfestar dei overfor NRK. Det var ein beskjed han håpa å ikkje gje barna.

– Det å måtte fortelje dei at vi enno ikkje har eit svar, og at me ikkje veit når me får eit svar, det er frykteleg vanskeleg, seier han.

Hunden Nala

NALA: Kort tid etter at politiet bestemde at Nala skulle avlivast, forsvann ho. Eigar Tommy Fredriksen, seier han ikkje veit kva som skjedde, men han stadfestar at han fekk mange slike tilbod om hjelp.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Beit sau

Politiet vil at Nala skal tvangsavlivast etter at ho drap ein sau i september i år. Nala, som er ein blanding av Alaskian Malamute og labrador, vart angripen av sauen, meiner Fredriksen.

Politiet i Gloppen presiserer at det var saueeigaren som melde frå om saka, men at det er politiet som krev hunden avliva. Dei ventar også på ei avgjerd frå Politidirektoratet før dei kan gjere noko vidare.

I mellomtida har Nala forsvunne frå heimen på Sandane. Fredriksen seier han framleis ikkje kjenner noko til forsvinninga.

– Nei. Eg veit ikkje kor hunden er. Og det gjer det ekstra vanskeleg. Nala har det best hjå oss, seier han.

Ikkje eit lovbrot

Politidirektoratet påpeikar at dei ikkje har gjeve seg sjølv ein frist for behandling av saka, berre ei forventa behandlingstid. Professor i offentleg rett, Eivind Smith, stadfestar dette.

– Dette skjer nok ganske ofte. Det er vanskeleg å anslå kor lang tid ei sak vil ta, og kva andre saker som kjem opp. Så dette er ikkje uvanleg, seier Smith.

Det finst nøyaktige tidsfristar i somme typar av saker, men ikkje her, seier UiO-professoren. Men om det blir opphald i behandlinga, så må det finnast ein grunn for det.

– Det er bestemt at forvaltningsorgana skal førebu og avgjere saka utan ugrunna opphald.

Les heile svaret frå Politidirektoratet her: