Betjenten i utrykningspolitiet hadde kontroll i Gloppen i Sogn og Fjordane, og vinka bryllaupsgjestene inn til sida. Men bilen deira ville ikkje starte då kontrollen var unnagjort. Tida gjekk og gode råd var dyre for gjestene som måtte nå ei ferje på Anda.
For å hjelpe ekteparet i naud - fann politimannen ut at han skulle eskortere dei med blålys til ferja.
Melde køyringa
Men ein av dei som vart forbikøyrde melde saka til politiet. Utrykningspolitiet sende den vidare til Sefo, som sende vidare til statsadvokaten, som til sist gav politimannen eit bot på 2000 kroner. Årsaka var at han vedgjekk å ha køyrt i 95 kilometer i timen i 80-sona.
Men no har statsadvokaten trekt tilbake bota. Sunnmørsposten fortel i dag at politimannen i ettertid har kontrollert speedometeret i bilen - og funne ut at det viste alt for stor fart. Dermed smuldra saka vekk for påtalemakta.
Dermed ser det ut til at politimannen slepp unna turen utan nokon plett på rullebladet - og ekteparet som vart eskortert til ferja nådde både den og bryllaupet.