Hopp til innhold

Gymlærar etterforska for valdsbruk – saka lagt bort

Gymlæraren ved ein barneskule i Sogn og Fjordane vart sikta og etterforska for fysisk vald mot ein elev. No har påtalemakta lagt bort saka.

Henleggelse av mobbesak

LAGT VEKK: Brevet som familien har fått frå politiet syner at saka er lagt vekk.

Foto: Faksimile

Den påståtte valdsepisoden vart meldt inn i september i fjor av foreldra. Læraren vart skulda for å ha lagt eleven ned og halde han der med ansiktet mot golvet. Det vart også hevda at læraren drog eleven over gymsalgolvet etter hetta på genseren, og at eleven fekk eit merke.

No er saka lagt bort etter bevisets stilling.

«Påtalemyndigheten har gjennomgått saka og kommet til at strafferettens strenge beviskrav, der rimelig tvil skal komme tiltalte til gode, ikke er oppfylt for så vidt det gjelder overtredelse av straffeloven paragraf 271 eller andre bestemmelser.»

Familien vil klage

Påtalemakta skriv at det ikkje betyr at dei ikkje trur på eleven si forklaring.

«Ein vil samstundes understreke at resultatet ikkje skal forståast slik at fornærma si forklaring vert sett til side som usann eller uriktig. Det avgjerande er at ein i dette tilfellet meiner det ikkje kan førast tilstrekkeleg bevis for at det er fornærma sin versjon av hendingsforløpet som er riktig», skriv politiadvokaten i brevet.

Mora til guten seier til NRK at ho er skuffa over henlegginga og at familien kjem til å påklage vedtaket.

Avviser skuld

Læraren har heile vegen avvist at han har gjort noko straffbart.

I etterkant av hendinga vart læraren også skulda for å ha kome med krenkande kommentarar mot fleire elevar. Rektoren ved skulen stadfesta den gongen at det vart oppretta ei personalsak og at læraren fekk ei skriftleg åtvaring.

I samråd med kommuneadvokaten og administrasjonen i den aktuelle kommunen, kom rektoren likevel fram til at det ikkje var grunnlag for å suspendere eller seie opp læraren.

Politiadvokaten i saka har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar i dag. NRK har vore i kontakt med den aktuelle læraren, han vil ikkje kommentere saka.