– Det er vanskeleg å seie korleis dette styrevedtaket vil slå ut. Enn så lenge går det bra med oss og avisene i Nordfjord. Så det er ikkje store konkrete ting vi har på blokka akkurat no, men det er klart vi må tilpasse kostnadane våre etter inntektene, seier Erling Wåge, redaktør i Fjordenes Tidende.
30 mediehus frå Nordfjord i sør til Alta i Nord ligg inn under Polaris Media. Aviser som Sunnmørsposten, Adresseavisen, iTromsø og Harstad Tidende er også med i selskapet.
Også andre avis- og mediehus står overfor store endringar i tida framover. Også Amedia, som eig Firda og Firdaposten bur dei seg også på kutt. Den dårlege økonomien i lokalavisene gjer at alle journalistar med meir enn fem års ansiennitet i Firda har no fått tilbod om å søkje om sluttpakkar.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Redaktøren i Vågsøy trur det er dei store avisene i Polaris konsernet som må ta størst del av kutta.
– Det er truleg der store deler av omstillingane vil kome, seier Wåge.
Ikkje overraska, men likevel uroa
I Stryn sit redaktør for Fjordingen, Bengt Flaten. Heller ikkje han har oversikt over om kutta som kjem kan råke avisa, men han er ikkje overraska over meldinga som kom i dag.
– Situasjonen for Fjordingen er faktisk at vi går rimeleg bra. Vi ligg over budsjett til no i år, både på papir og nett, totalt sett. Papiravisa står seg godt, og det er ingenting som tilseier at det er krise hjå oss. Dette er konserntal med mange store titlar og tilsette, seier han.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Han understrekar også at selskapet pleier å ha ryddige prosessar, og at det ikkje blir gjort endringar over natta, utan drøftingar og utgreiingar. Han er likevel uroa over situasjonen.
– Heile medianorge er i endring, og eg er generelt uroa over situasjonen til lokal- og regionalavisene. Det er ei brytingstid med fall i avisopplag og vanskar med å kompensere nok for digitale løysingar, seier Flaten.