Sogndal leia til det stod att to minutt av ordinær tid. Då fekk Molde eit billeg frispark og utlikna etter nølande forsvarsspel av SIL.
Utlikninga til Molde var fortent, men lite lysteleg for Sogndal, som forsvarte seg bra gjennom store delar av 2. omgang. Robbie Russell skåra målet for Sogndal, som også meinte seg snytt for eit straffespark då Kim Rune Hellesund gjekk overende på stillinga 1-0.
SIL er dermed framleis sist på tabellen, men no berre eitt poeng bak Fredrikstad, som tapte sin kamp.