Hopp til innhold

Poengsankar vender «heim»

Volleyballspelaren Hilde Elvebakk blir etter alt å døme Førde-spelar kommande sesong.

Hilde Elvebakk

TIL FØRDE: Hilde Elvebakk (24) har dei siste åra dunka inn bra med poeng for BSI. Kommande sesong håpar ho å gjere det same for Førde.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Hilde Elvebakk har dei to siste åra vore eliteseriens desidert største poengsangkar. I fjor vart det 302 poeng for BSI.

Etter at bergensklubben trekte laget, har naustedølen sett til heimlege trakter i jakta på ny klubb, skriv Firda.

– Det er det enklaste både med tanke på kvar eg er ifrå, og det blir enklare å komme seg heim i helgane, seier 24-åringen til avisa.

Håpar på medalje

Førde leverte førre sesong sin beste sesong nokosinne i eliteserien. Cupfinalisten frå 2011 enda til slutt på fjerdeplass.

Sjølv om papira førebels ikkje er signerte, er trenar Jan Egil Tvinde optimist. Han trur laget kan ta nye steg i år og vere med i medaljekampen.

– Dette er ein av dei aller beste og mest verdifulle spelarane i eliteserien. Så dette er fantastisk bra for oss, seier han til Firda.