Hopp til innhold

Poengdronninga kan vere tapt for Førde

I fjor sytte Hilde Elvebakk for ein fjerdedel av poenga til Førde sitt damelag i volleyball. No kan poengsankaren glippe for sunnfjordingane.

Hilde Elvebakk

POENGDRONNINGA: Eliteseriens desiderte poengsankar i fjor, Hilde Elvebakk, kan vere tapt for Førde.

Foto: Jan Egil Tvinde

Hilde Elvebakk bur og jobbar som radiograf på Haraldsplass i Bergen. Med Nyborg som nyopprykka lag til eliteserien for kvinner, har 26-åringen frå Naustdal plutseleg to alternativ til neste sesong.

Og både bergensklubben og Førde ynskjer hennar teneste.

– Eg held på med ei for/mot-liste for i eit forsøk på å bestemme meg. Eg må ta eit val ut frå kva som gir meg beste tilbodet med tanke på at eg skal bli best mogleg sjølv, seier kantspelaren.

I klasse for seg sjølv

Jan Egil Tvinde og Frank Kalstad

TRENAR: Jan Egil Tvinde (t.v.), her saman med Frank Kalstad, likar dårleg tanken på å måtte miste Hilde Elvebakk.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Elvebakk kom til Førde då BSI trekte laget sitt , og viste allereie frå første slag at ho ville bli viktig for sunnfjordingane. Ved sesongslutt hadde naustedølen sytt for 267 av bronsemedaljist Førde sine 1123 poeng.

Av desse kom heile 231 i angrep. Ingen andre spelarar i Eliteserien kunne måle seg med ei slik poengsanking.

– Eg har snakka med henne, og sagt at vi ynskjer henne sterkt i Førde. Det er ikkje bra for oss om ho vel Nyborg, men det er samstundes lite vi kan gjere med det, seier Førde-trenar Jan Egil Tvinde.

Får ikkje trent nok

For etter berre ein sesong for blåtrøyene, vurderer altså den desiderte poengdronninga å spele for ein bergensklubb igjen.

Som Førde-spelar har det sine ulemper å bu i Bergen.

– Eg er allereie inne i miljøet, og likar både treningane og spelarane. Samstundes gir det meg moglegheit til å reise oftare heim til Sunnfjord. Minuset er at eg ikkje får trene nok med laget eg spelar på, seier ho.

Trenar med Nyborg

Fleire tidlegare lagveninner frå BSI spelar for nyopprykka Nyborg. Sidan sesongslutt har Elvebakk hatt fleire treningar med hovudtrenar Kristian Bjelland sitt lag.

Dei har både ambisjonar om medalje - og å sikre seg Elvebakk i laget.

– Med tanke på planlegging ut frå turnus og kampoppsett, så kan det vere greitt å bestemme seg innan utgangen av juni. Så er det sikkert greitt for klubbane å få svar også, seier 26-åringen.

Ventar med nordisk

Gjennom bronseplassen kan truleg Førde ha gullbrikka i Elvebakk sitt puslespel. Den gir dei nemlig høve til å stille i Nordic League. Eit ynskje 26-åringen kom med tidlegare i sesongen .

NRK får også stadfesta at Førde avventer påmelding til Nordic League til Elvebakk har bestemt seg.

– Skal vi stille i Nordic League, så må vi ha noko meir enn eit juniorlag. Det bidreg ho sterkt til at vi ikkje er. Men så lenge ho ikkje har bestemt seg, så har eg eit håp, seier Tvinde.

– Eit stort pluss

– Eg har faktisk ikkje tenkt på at dei var aktuelle for Nordic League, men det er eit stort pluss for Førde, svarar Elvebakk.

– Det er veldig kjekt å kunne spele mot gode klubbar frå andre land, og ikkje berre mot dei same klubbane og spelarane år etter år etter år. Det å kunne reise til utlandet og sjå korleis ting fungerer der er meir spennande enn å berre spele i eliteserien, avsluttar naustedølen.