Hopp til innhold

Poengdeling i Stryn

Stryn bomma på straffe og måtte sjå seg nøgd med poengdeling mot naboane i vest.

Kampen enda 2-2.

LES OGSÅ: Ny målrik runde i 3. divisjon

Stryn - Eid 2-2 (1-1)

Stryn stadion

Kampen er i gang.

15 min. Jamn start på kampen. Det er stillingskrig, men Stryn har kome til eit par halvsjansar.

25 min. Pål Holko bommar på straffe for heimelaget. Set ballen i stolpen frå krittmerket.

0-1 26 min. Kristoffer Årskog. Eid går rett i angrep og scorar kampens første mål etter klabb og babb i midtforsvaret til Stryn. Årskog får til slutt ballen og kjem åleine mot keeper der han scorar sikkert.

1-1 31 min. Jon Terje Tjellaug. Den spelande trenaren set ballen kontant i mål frå ti meter etter corner.

Pause. Ein jamn omgang med sjansar til begge lag.

2-1 50 min. Christian Holko. Holko er sist på ein corner frå storebror Pål Holko.

2-2 75 min. Stian Sandal utliknar for gjestene.

Slutt. Det ender i uavgjort og poengdeling i nabooppgjeret i det eine av to nabooppgjer i Nordfjord dagen før nasjonaldagen.