Hopp til innhold

Poengdeling i Sandnes

Eit skadeskote Sogndal-lag spelte søndag kveld 0-0 i bortekampen mot Sandnes Ulf.

Sogndaltrenar Harald Aabrekk meiner Sogndal var nærast sigeren, men seier den humpete bana gjorde at det ikkje gjekk an å spele skikkeleg fotball.

Sogndal hadde både det meste av bane­spelet og dei fleste sjansane, men klarde ikkje å omsette dei til mål.

Laget frå saftbygda står no med sju poeng på fire kampar. Dei er nummer fem på tabellen.