Hopp til innhold

Plutseleg måtte Ole Christian kaste seg i traktoren

– No er det kvitt snødekke, og det kjem snøflukse som er store som trollkjerringar, seier Ole Christian Rynning.

Brøyting i Flora

BRØYTER: Ole Christian Rynning brøyter ein kommunal veg i Flora. Vegen går frå fjæresteinane til kring 200 meters høgde.

Foto: Privat

Nedsnødde lykter i Botnane og påskeliljer med ei kvit dyne på Bryggja. Fleire stader vakna ein i dag til eit kvitt landskap.

Med brøyteansvar for den kommunale vegen frå Klauene til fylkesveg 614 som går mot Magnhildskaret, hadde Ole Christian Rynning i Flora berre å komme seg opp og i traktoren i natt.

– Det har lagt seg ned til sjøen, men laget blir tjukkare og tjukkare dess høgare ein kjem. I høgda er det kring 10–15 centimeter, seier han.

Snø i Årsheimstranda på Stad

VARSAMT: Ein bilist på veg frå Stadlandet mot Åheim sende dette bilete frå Årsheimstranda. Saman med biletet kom også ei oppmoding til bilistane å køyre varsamt.

Foto: Privat

Forsvinn raskt

Det er ikkje berre vêrprognosane, som fortel om nedbørsfattige dagar og temperaturar på opp mot ti varmegrader over helga.

Statsmeteorolog Haldis Berge

KORTVARIG: For dei som likar snø, er det siste snøfallet kortvarig. – Fredag kjem det mildare luft, seier statsmeteorolog Haldis Berge.

Foto: Marit Hommedal

– Det ser diverre ut som at vi får inn litt mildare luft på fredag, seier at ein får inn litt mildare luft fredagen, seier ho.

Både onsdag og torsdag er det venta byeaktivitet med kvit nedbør. Også Indre Sogn, der det i dag tidleg var klårt og fint, kan vente seg sludd- og snøbyer.

– Mars er snømånad

– Fredag blir nedbøren meir samanhengande. Det blir sørvestleg stiv kuling kring Stad og etter kvart regn. Utpå dagen vil det regne opp til kring 600 meter, seier Berge.

For Rynning, som elles har hatt ein roleg vinter som brøytesjåfør, kjem ikkje snøfallet som noko stor overrasking.

– Mars er ofte ein snømånad, og første sommardag er ikkje før 14. april så vi lyt rekne med litt snø framleis, humrar han.