Hopp til innhold

Elise sin eksamensfilm frå Kinn plukka ut til moteveka i Milano

Ho vaks opp i Kalvåg og elskar kysten. Elise Gulestøl var ikkje i tvil om kvar eksamensfilmen skulle spelast inn, men at den skulle ende opp på Milano Fashion Week, det hadde ho aldri trudd.

Elise Gulestøl

FILMSKAPAR: Elise Gulestøl under opptaka til kortfilmen «Into Wilderness» på Kinn. No skal det ferdige resultatet visast i Milano.

Foto: Privat

– Uverkeleg. Det tok meg mange dagar før eg forstod at det ikkje var tull, seier den ny-uteksamerte filmstudenten.

Men det var ikkje tull. Når den årvisse motveka går av stabelen i september, skal Elise Gulestøl sin kortfilm «Into Wilderness» visast til publikum.

Som ein del av moteveka blir Milano Fashion Film Festival for første gong arrangert. Og blant filmane som er komne gjennom nålauget, er Gulestøl sin film.

– Den blir startskotet for heile Milano Fashion Week. Det er ganske spennande, seier 23-åringen.

Nærleik til naturen

Kortfilmen tek føre seg norsk design, norske smykke og byr på mystisk vestnorsk kystnatur, spelt inn på øya Kinn i Flora

– Det er ein fashion-kortfilm som eg laga som hovudoppgåve/eksamensoppgåve på Bilder – Nordic School of photography, der eg har gått i to år. Eg er opptatt av miljø og berekraftig design, og ville bruk norsk design i filmen, og den norske kysten til å fortelje ei historie. Filmen handlar om å komme nærmare naturen, forklarer den unge filmskaparen.

Ho trur ramma for filmen, kysten av Sunnfjord, må ha fanga interessa i Milano.

– Kysten i Norge er veldig spesiell. Det var tanken min når eg laga filmen, og eg trur det er årsaka til at den kom med på festivalen.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Elise Gulestøl

GRÅVÆR: Det er eit dystert og litt mystisk Vestland Elise Gulestøl nyttar når ho viser fram norsk kles- og smykkedesign.

Foto: Privat

Vil ha meir norsk

Der håpar Gulestøl at ho kan vere ei lita motvekt i ein moteindustri der det meste av filmopptak og fotoshoots blir gjort langt utan for Norges grenser.

– Det blir laga for få filmar frå kysten. I alle fall innan moteverda er det USA, Frankrike og Italia som blir nytta. Ein nyttar dei same lokasjonane om att og om att. Eg ville gjerne bruke kysten der eg har vakse opp, og som eg har eit veldig sterkt forhold til. Eg trur filmen vart vald ut fordi den har veldig spesiell location i forhold til andre innsende kandidatar.

Avhengig av sponsorar

Gulestøl er for tida busett i Oslo, men vaks opp i Kalvåg, og har familie i Florø. Det var også i Florø ho fann økonomisk støtte til eksamensfilmen.

– Dei førre prosjekta har eg finansiert frå eiga lomme og med hjelp av frivillige. Men denne filmen var eg heldig å få støtte til av Flora kommune ved Fram Flora og næringsfond for ungdom. Hadde det ikkje vore for dei, hadde ikkje den blitt noko av. Ein er utan tvil avhengig av sponsorar. Og det er viktig at nokon viser at dei trur på deg.

(Artikkelen held fram under biletet.

Elise Gulestøl

KYSTEN: – Eg trur filmen min, med den norske kysten skil seg frå mykje av det som elles blir laga i moteverda, seier Elise Gulestøl.

Foto: Privat

Nytt prosjekt

Etter å ha laga fleire kortfilmar er målet å satse på ei karriere innan film, men ho har også teke oppdrag som stillfotograf.

– Det er berre å halde fram å jobbe. Eg har ting på lur og håpar å ha ein ny film klar i 2015. Det blir spennande, seier Gulestøl som enno ikkje veit om ho sjølv blir å finne når filmen hennar blir vist for eit kresent internasjonalt publikum i Milano.

– Eg har veldig lyst, men det kostar mykje. Det er moteindustrien sin hovudstad. Det hadde vore kjekt å reise ned.