Hopp til innhold

Plendugnad for Malakoff

Malakoff Rockfestival på Nordfjordeid må jobbe fleire hundre timar ekstra dugnad før neste helg. For mindre enn to veker sidan øydela NM i fjordhest heile grasmatta på området.

Slik ser området ut no.
Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Nytt gras er bestilt og kjem frå Austlandet.

- Vi hadde valet mellom å tilby publikum eit gjørmebad av dei sjeldne, eller å prioritere på sikt og rett og slett legge ny grasmatte.

Mange hundre dugnadstimar

Ottar Schanke Eikum og dei andre ungdommane bak Malakoff Rockfestival gler seg til Turboneger og Briskeby går på scena i parken på Nordfjordeid neste helg. Men før den tid må det gjerast mange hundre timar dugnadsarbeid. Heile plenen er nemleg øydelagd etter at NM i fjordhest vart arrangert der for halvanna veke sidan. Men Schanke Eikum og gjengen går på med friskt mot.

-Vi må berre ta det med godt humør, det blir eit kjekt sosialt samver.

- Kor mykje kostar det nye graset?

- Det kostar pengar. Eg veit ikkje om eg skal gå ut med konkret sum, men det blir eit spleiselag mellom fleire aktørar i kommunen.

Pris for beste graset?

Norsk Rockforbund har to år på rad kåra Malakoff Rockfestival til beste rockefestival i heile landet. Graset kjem ferdig nyskore med lastebil austafrå. Så no kan dei kanskje skilte med beste graset også.

 - Det blir 4,5 centimeter gras med null fargenyanse, så det blir truleg det finaste graset i festival-Noreg.