Hopp til innhold

Platesalet stuper

CD-salet i Noreg rasar. I april gjekk salet ned med 29 prosent samanlikna med same månad i fjor. - Nedlasting frå Internett har skulda, seier bransjen.

Kristoffer Øen på butikken Playzone i Førde hevdar salet av CD-plater så langt i år er redusert med 10-20 prosent i høve til 2005.

Ungdommen kjøper ikkje

- Vaksne kjøper omtrent like mykje musikk som før, men ungdommen, og spesielt gutar mellom 15 og 30 år, kjøper ikkje plater lengre, seier Øen.

Unnataket er dei spesielt musikkinteresserte, som er ønskjer å eige CDen fysisk. 

Platesalet stuper
Foto: Ronny Brede Aase / NRK

- Nedlasting øydelegg

- Det er vel lettare for folk å få tak i ei MP3-fil enn ein CD. Dessutan likar sikkert folk å sitje heime og laste ned mykje musikk, held Øen fram.

- Dersom folk ønskjer å laste ned musikk i staden for å kjøpe, er der ikkje noko vi kan gjere med det.

Lovleg suksess

Men, på Internett har det vakse fram ein ny kultur. Tidlegare i vår gjekk det amerikanske bandet Gnarls Barkley til topps på britiske singellister, berre ved å ha blitt lasta ned lovleg frå nettet. Øen meiner lovleg nedlasting etterkvart ser ut til å ha vorte ganske stort her til lands.

- Dersom det er ein suksess, og plateselskapa tener pengar på det, så er jo det flott for dei. Men det er ikkje så gunstig for butikkane.

Lett tilgjengeleg

Prosjektsjef i TV2 Interaktiv og ansvarleg for TV2 sin musikkbutikk på nettet, Elin Reitan, meiner lovleg nedlasting av musikk er så lett tilgjengeleg, og kan tilby eit så godt utval, at det etterkvart vert ein stor suksess.

- Haldningsendringar vil ta litt tid, men ettersom det har vorte så enkelt og lett tilgjengeleg, kjem fleire og fleire folk til å kjøpe musikk på denne måten.

400 nedlastingar

Phonofile er ansvarleg for å levere norsk musikk til samtlege nettbutikkar som tilbyr digital nedlasting. Dagleg leiar Erik Brataas er einig med Reitan.

- Det har vore ein ganske betydeleg vekst det siste året. Vi har sjølv ein liten nisjeteneste der vi tilbyr berre norsk musikk. På denne har vi mellom 100 og 400 nedlastingar i døgnet, seier Brataas.

- Og vi er som sagt, berre ein liten nisjeteneste i denne marknaden.