NRK Meny
Normal

Platene flaksa av taket i vinden

Område i sentrum av Eikefjord og Florø er sperra av. Vinden herjar no ved kysten.

Sperra av Eikefjord sentrum

SPERRA AV: Politi og brannvesen valde å sperre av Eikefjord sentrum av omsyn til tryggleiken til folk. Takplater og taksteinar fauk gjennom lufta i den sterke vinden.

Foto: Truls Kleiven

– Delar av taket på fleire hus i Eikefjord har blese av. Men vi veit ikkje omfanget endå, seier Odd Arve Solvåg ved operasjonssentralen til politiet.

– Politi og brannvesen er på staden. Områda blir sperra av, seier han til NRK.no.

Plater og steinar utgjer fare for folk

Politiet har utover ettermiddagen og kvelden første juledag fått ein god del meldingar frå folk som er ute i ruskevêret. For det meste har det vore tre som har falle over vegen. Politiet har fått inn meldingar om tre som sperrarar vegar over heile i fylket.

I Loen har politiet fått melding om at vinden har byrja å flytte på campingvogene på Lo-Vik Camping. Politiet er på staden med ei patrulje.

I tillegg er det meldt om brann i ei høgspentline ved Årdalstangen. Brannen er så høgt oppe i lia at brannmannskapa ikkje får sløkt brannen.

Det er ikkje fare for at den vil spreie seg, opplyser politivakta.

(Artikkelen held fram under biletet)

Takplater fall av taket

FAUK AV TAKET: Her er nokre av takplatene som fekk hard medfart i stormen.

Foto: Truls Kleiven

Plater og steinar utgjer fare for folk

Det har også gått eit ras over riksveg 5 mellom Førde og Naustdal, og i Selje har ei linje falle ned.

Verst har det altså vore i Flora - og i Eikefjord fekk folk merke vinden sine krefter.

Ifølgje tips til NRK.no skal aluminiumsplatene ha flaksa gjennom lufta, og det er farleg for folk å ferdast i området.

Fleire tusen har vore utan straum

Både takplater og takstein fyk gjennom lufta i sentrum av Eikefjord.

– Vi får heile tida ein del meldingar frå folk som er ute. Eg vil understreke oppmodinga frå politiet om å halde seg innandørs utover kvelden, seier Solvåg.

Blant anna i Førde gjekk straumen i heile byen like etter klokka 19:00. Straumen var også borte frå åtte-tida og utover kvelden. Fleire tusen innbyggjarar var utan straum i ein timinuttsperiode. Også i Måløy skal folk vere utan straum - og det same gjeld på Lote i Nordfjord .

Her skal ferja ha store problem med å leggje til kai i den sterke vinden. Ferjesamanda Oldeide - Måløy og Mannheller - Fodnes er dessutan innstilte.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sjøgata på Nordfjordeid i storm
Foto: Øystein Torheim

Slik er tilstanden på vegane

Ei rekkje vegar er stengde:

  • Fv 609 Dale ferjekai - Førde: Stengt på grunn av steinras ved Hundsåna. Blir ikkje opna i dag.
  • Rv 13 Vikafjellet: Stengt på grunn av uvêr. Blir ikkje opna i dag.
  • Rv 13 Rørvikfjellet. Stengt på grunn av oppryddingsarbeid.
  • Rv 15 Strynefjellet: Stengt på grunn av uvêr. Blir ikkje opna i dag.
  • Fv 50 Hol - Aurland: Stengt på grunn av uvêr.
  • Fv 53 Tyin - Årdal: Stengt på grunn av uvêr.
  • FV 52 Hemsedalsfjellet. Stengt.
  • Fv 55 Sogndal-Hafslo stengt på grunn av opprydding.
  • Fv 577 er uråd å ta seg fram på 1,5 kilometer nord for Botnane. Sjøen kastar stein opp i vegbana.

I tillegg melder Gaular kommune at Guddalsvegen, mellom Sygna og Høgelid, er stengd på grunn av mykje tre i vegen. Den vert ikkje opna før i morgon.

Det er venta at uvêret skal tilta i styrke utover kvelden første juledag.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser