Hopp til innhold

Plastsortering - også i Sunnfjord?

Mens nordfjordingar og sogningar får henta plastavfallet sitt på same måte som papp og restavfall, må dei aller fleste sunnfjordingar køyre og levere det sjølv. Det vil fleire ha ein slutt på.

Møte

PLASTSORTERING - PÅ KVA MÅTE? Frå venstre Jan Taule, Frida Melvær, Håkon Grepstad, Ida Løken, Gjertrud Øvretveit og Nils Nesbakk.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Bruk hovudet, vi har berre ein klode!
–Vi vil, og får det til. Så kvifor ikkje?

oppmøtte

GODT OPPMØTE: det var mange som hadde funne vegen til Førde Rådhus

Foto: Bjerknes / Silje

Dette var nokre av tilbakemeldingane dei frammøtte kom med under torsdagens møte i Førde Rådhus. På agendaen stod plastsorteringa i Sunnfjord.

Ordninga for kommunane som sorterer under Sunnfjord Miljøverk fungerer slik at forbrukarane sjølve sorterer og leverer plasten. I Nordfjord og i Sogn, samt Flora, vert plasten henta av bossbilen. Blant dei frammøtte var det mange som ynskja ei slik ordning, også dei som er tilknytt Sunnfjord Miljøverk.

Stilte spørsmål ved plassorteringa i Sunnfjord

Møte var arrangert av Naturvernforbundet i Indre Sunnfjord og Miljøgruppa i Førde Kyrkjelyd. Blant dei mange frammøtte var det eit stort engasjement for at også Sunnfjord skulle få ei plastsortering på lik linje med Nordfjord, Flora og Sogn, der plasten blir samla inn av miljøverket.

Håkon Grepstad i Sunnfjord Miljøverk (SUM) er derimot fornøgd med dagens ordning. Han meiner det er uproblematisk for forbrukarane å levere plasten sjølv.

–Visst har vi kjeldesortering. Men dersom ein køyrer og leverer berre små mengder så forsvinn miljøeffekten. Ein må samle til ein har fylt opp bilen, og så ta turen til miljøstasjonane.

Håkon Grepstad

SUNNFJORD MILJØVERK: Håkon Grepstad

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Saknar betre tilrettelegging

Ida Løken, representerte Grøn Ungdom under møte. Ho saknar betre tilrettelegging for resirkulering i Sunnfjord. Løken trur mange ville fått seg ei aha oppleving dersom kvar enkelt person hadde sett kor mykje plast dei faktisk brukar.

–Eg trur det ville blir mykje lettare å sortere plast dersom vi kunne fått til liknande system her som i Nordfjord, Flora og Sogn. Det verkar enkelt og greitt, og eg ser ikkje kvifor dette skulle vere eit problem elles i Sunnfjord.

møte

GRØN UNGDOM: Ida Løken

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Sjølv tykkjer ho Sunnfjord Miljøverk (SUM) er for treige, og ligg etter den miljøutviklinga som skjer elles i samfunnet. Løken meiner at SUM sjølv må ta tak for å gjere noko med dagens ordning. Og med spørsmålet:

–Er det verkeleg slik at ein må bli påkøyrd av ein bil før ein kan vurdere å lage eit gangfelt? utløyste ho latter og applaus hos dei frammøtte.

Plastsorteringa må gjerast enklare

Oddvar Etnestad i Naturvernforbundet var einig i mange av synspunkta Løken kom med. Han meiner plastsorteinga må bli lettare dersom ein vil ha ei god sortering overalt i Sunnfjord. Etnestad trur fleire hadde sortert plast dersom alle fekk delt ut ein eigen plastsekk som blei samla inn samtidig som papiravfallet.

–For det første må det informerast om at ein kan samle inn plast. Og for det andre må ein ha ei ordning som mannen i gata gjennomfører den, og ikkje berre dei aller ivrigaste sann som det er i dag.

Han trur at Sunnfjord Miljøverk si ordning, gjer at mange let ver å sortere og heller kastar plasten rett i søppelet.

–Dei fleste av oss har ikkje plass til å oppbevare den mengda som er nødvendig for å fylle opp ein bil. Dess vanskelegare det er å sortere, dess lettare er det for folk flest å la vere, seier Etnestad

pynt

RESIRKULERT: Også pynten var resirkulert

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Miljøgift, miljønytte og økonomi

Grepstad meiner det er andre ting som er minst like viktig som sortering av plast, og at ein i dag har for lite kunnskap om dei miljøgiftene som eksisterer i plast. Ifølgje han er det vanskeleg å sjå ei tydeleg miljønytte av slike tiltak, der det viktigaste vil vere å redusere forbruket, og kvitte seg med farlege miljøgifter.

–Og då kan ein seie at ein er for forsiktig, javell, men ein skal ikkje gjenvinne miljøgifter slik at dei kjem igjen i andre produkt, seier han

Nils Rune Nesbakk i Nordfjord miljøverk har derimot eit litt anna syn på den plasten som blir samla inn.
– Sjølvsagt kan det vere miljøgift i leiker, gummislangar og liknande. Men vi har ikkje fått nokre tilbakemeldingar på at det er miljøgifter i den hushaldsplasten som vi samlar inn. Ein må huske at den hushaldsplasten som det her er snakk om er stort sett matemballasje, emballasje ifrå frukt, og kjøtt og grønt osv., og det ville vere heilt forferdeleg om det skulle vere miljøgift i desse.

nord

NORDFJORD MILJØVERK: Nils Rune Nesbakk

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Medan Nordfjord Miljøverk (NOMIL) meiner dei tener pengar på den ordninga dei har i dag, meiner Sunnfjord Miljøverk at dei hadde tapt pengar på ei slik ordning.

-Dersom NOMIL tener pengar på dette, må dei vere ein av dei einaste i landet. Men greitt, det er flott viss dei greier det, seier Grepstad

Løken på si side meiner det blir feil å argumentere med økonomi når ein diskuterer miljøspørsmål.

-Vi har berre ei klode. Øydelegg vi den har vi ikkje noko att.

Utvikling over fleire år

I Nordfjord miljøverk har endringane skjedd over fleire år, men dei får mykje positiv respons på den ordninga dei nyttar seg av i dag. Utviklinga har skjedd i samhandling med kommunane og forbrukarane i Nordfjord, og dei har samarbeida for å finne gode løysingar.

–Vi har ikkje fått negative tilbakemeldingar på tilbodet vårt. Men sjølvsagt, vi har vakse vi og. Vi starta for ti år sida med ca. ti tonn og hadde 320 tonn i fjor. Det seier litt om utviklinga, seier Nesbakk

Fleire ting som spelar inn

Grepstad innrømmer at Sunnfjord Miljøverk (SUM) kanskje kan ha vore treige på nokre områder, men at det er opp til styret og dei sju kommunane å vurdere alternative løysingar på dagens ordning. Dersom det skal skje ei endring, må det vere ei semje blant alle dei sju fylka som omfattast av Sunnfjord Miljøverk.

–Eg trur SUM systemet tar med seg plastvurderinga på lik linje med andre vurderinga, men for oss er det farlege avfallet det viktigaste vi arbeider med. Og så får vi sjå kor plasten kjem inn i dette. Det får vore styrande organ finne ut av. Men sjølvsagt skal vi jobbe med dette i administrasjonen, det skulle berre mangle, seier Grepstad

Men det var i alle fall ein ting dei fleste einige om - det viktigaste ein kan gjere er redusere det forbruket av plast som ein har i dag!