Normal

Trongt om plassen: Kontorkapasiteten her er sprengt

Kapasiteten på Høgskulen i Sogn og Fjordane er sprengt. Vidare vekst vil medføre stor plassmangel.

Uteområdet

TRONGT: Fleire tilsette må dele kontor for at alle skal få plass på Høgskulen.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Vi er heilt sprengt. Vi har ikkje eit einaste kontor ledig og fyller opp og utnyttar alle lokaler til det fulle, seier Rasmus Stokke, dekan for avdeling for lærar og idrett.

Rekordmange studentar og tilsette ved Høgskulen i Sogn og Fjordane gjer at dei no manglar plass.

Brukt opp reserveplassane

Rasmus Stokke

IKKJE PLASS: Det er i dag ingen ledige kontor på Høgskulen, seier dekan Rasmus Stokke.

Foto: Høgskulen i Sogn og Fjordane

For med 3800 studentar og 330 tilsette har det no fylt seg opp på Høgskulen både på avdelinga i Førde og i Sogndal. Og det er på kontorplassen til dei tilsette at ein merkar det.

– I forhold til tilsette, så merkar vi at det er fleire som må dele kontor. Per i dag har vi ikkje plass til fleire tilsette, og vi har veldig lite lyst til å bruke studentane sine rom til kontor. Vi har rett og slett brukt opp dei plassreservane vi hadde, seier Stokke.

Kvar krik og krok er no utnytta til det fulle. I eit leiarmøte har Stokke sagt at situasjonen kan bli kritisk. Avdelinga hans har behov for ni nye kontor.

– Dette er jo i grunn ein positiv situasjon, men òg ein situasjon som fort kan skape problem om ein ikkje er raskt nok ute i forhold til å auke lokalitetane, seier Stokke.

Nytt forskingsprogram

Åse Løkeland

POSITIV: Rektor Åse Løkeland meiner det eigentleg eg positivt at dei merkar litt press.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Ja, vi har rimeleg fullt vi no, seier rektor Åse Løkeland.

Det er leiinga ved skulen som har ansvaret for arbeidsvillkåra til dei tilsette. Løkeland seier at noko av årsaka til kontorsituasjonen er at skulen har fått 17 millionar kroner til nytt forskingsprogram som gjer dei i stand til å tilsette fleire nye stipendiatar.

– Og vi ekspanderer når det gjeld talet på studentar, og det fører til at vi har behov for å leige fleire kontor. Det skal vi nok klare, men vi må regne med at ein del av forskingsmidlane vi får må gå til infrastruktur og kontor, seier Løkeland.

No prøver skulen å finne ut kor mange kontorplassar dei treng, og å finne aktuelle utleigarar.

– Vi kjem til å klare dette. At vi har press på lokala våre er i grunn noko vi er glade for, og det er veldig bra at vi får forskingsprosjekt, og at vi har mange studentar som vil til oss. Resten må vi klare, seier Løkeland.

Stokke er einig i at det er positivt at studentane vil til dei, men at ein bør vere obs dei neste åra for at plass ikkje vert ei avgrensing i forhold til å vekse og utvikle skulen.


Vegopning på Bergum i Førde kommune