– Speedometeret gir ingen fasit på farten

Ulukkesgruppa til Statens vegvesen fann ingen bremsespor på ulukkesstaden etter den fatale ulukka.

Torgeir Bang

SAKKUNNIG: Torgeir Bang har lang erfaring som ulukkesgranskar for Statens vegvesen si ulukkesgruppe.

Foto: Oddleif Løset / NRK
Oddleif Løseth
Journalist

Overingeniør Torgeir Bang i ulukkesgruppa til Statens vegvesen starta andre dag av rettssaka mot den bildrapstiltalte danske legen etter ulukka ved Bryggja i mars i fjor.

Han plasserte Mercedesen til den danske legen delvis over i møtande køyrefelt då ulukka skjedde. Bilen til legen velta så og landa om lag midt i vegen.

– Det er vår meining at førar av Mercedes Benz var delvis over i møtande køyrefelt, sa Bang.

– Kva ligg i delvis, spurte tingrettsdommar Gunnhild Grove.

– Det er veldig, veldig vanskeleg å gi eksakt tal. Men etter vårt skjønn har bilane krasja, og i den samanhengen har renaulten flytta seg ut i autovernet og mercedesen velta over på høgre sida, sa han.

Ikkje tekniske funn

Politiadvokat Erling Melvær og forsvarar Paul Inge Angelshaug.

TILTALE: Politiet og aktor Erling Melvær (t.v.) meiner den danske legen heldt høg fart og var påverka av medikament.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Bang har lang erfaring frå gransking av ulukker og gjorde greie for funna dei gjorde på staden. Verken på autovernet eller i grøfta på den kring 183 meter lange ulukkesstaden fann dei svar på kvifor ulukka skjedde. I vegbana fann dei skrapespor etter begge bilane. Desse oppstod etter samanstøyten.

Overingeniøren skildra sikta mellom dei to som ikkje veldig god.

Bang kom til ulukkesstaden tre timar etter kollisjonen. Han fann ingen bremsespor frå nokon av bilane, og begge bilane fekk venstre framhjul punktert grunna samanstøyten.

Det vart gjort teknisk kontroll av begge køyretøya både på ulukkesstaden og etterpå.

– Det vart ikkje gjort funn av tekniske feil eller manglar som vi meiner er ein utløysande faktor for ulukka, sa Bang.

Farten vil gå ned

Overingeniøren fortalde at bilprodusentane Renault og Mercedes i starten ville medverke til å hente ut informasjon frå bilane.

– Mercedes vart, etter det politiet fortalte meg, mindre villig etter kvart, sa Bang.

Speedometeret i bilen til den danske legen

LÅSTE SEG: Overingeniøren meiner dette biletet ikkje slår fast kor høg fart den danske legen hadde. – Men det er ein indikasjon, sa Bang.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Speedometeret i bilen til tiltalte stogga på 142 km/t. I retten kunne han ikkje gje noko anna forklaring enn at han gav gass for å unngå samanstøyt.

I tillegg til høg fart er mannen tiltalt for å ha vore påverka av medikament.

– I samanstøyten vil det vere normalt at farten blir redusert. Eg kjenner ikkje til at farten kan auke, sa Bang og la til:

– Ingen fasit

– Vi har testa elektronisk speedometer på ein Toyota, og den viser at det ikkje stoggar på den nøyaktige farten. Det er ein elektronisk impuls som styrer det, når straumen forsvinn så vil speedometeret flytte på seg. Det er ingen fasit, men det er ein indikasjon, sa Bang.

– Var speedometeret fasit på fart, så ville denne saka vere veldig enkel, la han til.

Overlappinga i samanstøyten var 20-30 centimeter.

– Bilane small saman, fekk rive av delar og heldt fram, sa Bang.

Forsvarar Paul Inge Angelshaug spurte om dei dårlege dekka til renaulten kunne hatt innverknad på ulukka.

– Ut frå funna eg har gjort, så kan eg ikkje sjå at nokon av bilane hadde problem inntil 100 meter før ulukka, svarte Bang.

Vanskeleg sak

Overingeniøren vedgjekk på spørsmål frå forsvarar at det var ei vanskeleg sak.

Han sa også at det er ei svakheit at ein ikkje fekk meir informasjon frå bilfabrikanten Mercedes.

– Eg har granska ulukker sidan 2002, og det er første gong anbefalt ta inn Rekon for å analysere. Dei er dyktigare i analysane sine, og eg ynskjer at Rekon skal vere på påtalemakta si side for å belyse saka. Ja, eg tykkjer denne saka er vanskeleg, sa han.

Regjeringa vil ha større konkurranse i landbruket, men bøndene på Vestlandet er skeptiske.
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.