Hopp til innhold

Markere jubileum med verdsrekordforsøk

Verdas lengste volleyballmaraton gjekk over 85 timar. Den rekorden satsar Sunnfjord Folkehøgskule hardt på å slå.

Arne Håberg og Magne Hornnes

VERDSREKORD: Arne Håberg og Magne Hornnes har store planar for Folkehøgskulerørsla sitt 150-årsjubileum.

Foto: Oddleif Løset / NRK

22. september klokka 18 går serven på det Sunnfjord Folkehøgskule håpar blir verdas lengste volleyballmaraton.

Den eksisterande rekorden sette nederlandske SVU Volleyball i 2011, med 14.635 poeng over 338 sett på 85 timar.

– Det skal vi slå. Elevane himla med augo då dei fekk vite det, men dei ville sjølvsagt vere med på det, seier lærar på Beach- og volleyballinja, Magne Hornnes.

To rekordar for fall

Sunnfjord Folkehøgskule har gode tradisjonar på volleyballfronten, og når folkehøgskulekonseptet feirar 150 år legg ikkje skulen nkoko imellom. Går alt etter planen, står ikkje mindre enn to verdsrekordar for fall – både i sandvolleyball og innandørs.

Maratonkampen i Nederland gjekk over ikkje mindre enn 63 kampar. No fryktar dei å miste rekorden.

– Eg har sagt at her må vi vere lure. Eg har sagt vi skal vere første som spelar 100 timar, så klarer vi 86. Så får vi sjå om dei kollapsar på 48 eller 72 timar, seier Hornnes.

To lag – 24 spelarar

Det er to lag som skal utkjempe dei mange kampane. Kvart lag med 12 spelarar, der seks spelarar er på bana til ei kvar tid. Skulen vil alliere seg med både fysioterapeutar og legar.

Hornnes seier heile skulen blir sett på hovudet denne helga, men det vil bli ei fin læring både for elevar og lærarar med tanke på samhald og samarbeid på tvers av linjene. Samstundes blir det tøffe timar for dei 24 spelarane.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sunnfjord Folkehøgskule i Førde

ELDST: Sunnfjord Folkehøgskule er den eldste skulen i Førde. I september blir det verdsrekordforsøk i gymsalen på Solvang.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Halvparten må restituere seg, ete og sove. Vi vil plassere madrassar slik at elevane får sove nærast mogleg bana, så vi lett kan nå tak i dei. Det blir mat og drikkestasjon, seier Hornnes.

– Dagning i nytt system

Både Hornnes og inspektør Arne Håberg er klar over at elevane vil bli utsette for ei ekstrem påkjenning i løpet av verdsrekordforsøket.

– Vil gjerne gjere noko uvanleg ettersom det er jubileumsår, men så er det også den pedagogiske ideen med å få ei erfaring med kva som skjer med oss sjølve og elevane når vi blir sett under ekstremt press. Sjølvpålagt press, vel og merke, seier Håberg og legg til:

– Yttergrensene er noko dei fleste av oss berre eit teoretisk forhold til, og det er sjeldan ein prøver det ut.

Blir nedkøyrde

Difor legg dei også opp til både legar og fysioterapeutar på sidelinja.

– Den store prestasjonen er å byggje opp elevane mentalt. Dei likar å døgne, men dette blir å døgne sett i eit heilt nytt system. Dei blir nedkøyrde, men må halde det gåande. Samstundes har dei ein unik sjanse til å setje verdsrekord, seier Hornnes.

– Men korleis får elevane henta seg inn att?

– Eg trur ikkje administrasjonen ventar det store oppbodet på morgonsamlinga måndagen etter, men dette er noko vi skal planlegge. Dei skal sjølvsagt få hente seg inn att.

Sandvolleyball

Seinare i haust set skulen mål av seg å gjennomføre verdas lengste sandvolleyballkamp. Den gamle er på 25 timar og 39 minuttar og skriv seg frå 2010.

Den tilhøyrar tyskarane Mateusz Baca, Sebastian Lüdke, Tomasz Olszak og Wojciech Kurczynski.

– Då blir det to lag med to spelarar. Vi utfordrar kjønna for å sjå kven som held ut lengst. Den belastninga blir enorm på spelarane, så då skal vi ha lege på sidelinja som kan seie at nok er nok, seier Hornnes.