Hopp til innhold

Bygger fylkets største hotell i Sogndal

Quality Hotel Sogndal har starta utbygginga og vert det største hotellet i fylket, når påbygget står ferdig i 2019.

Nye Quality Hotel, sogndal

NYTT: Slik vil det nye bygget på hotellet sjå ut når det er ferdig, 1. mai i 2019. 111 nye rom vil stå klare, i tillegg til eit nytt parkeringsanlegg, hageareal og konferansesenter på 500 kvadratmeter.

Foto: Skisse / Quality hotel Sogndal

– Det har vore planlagt lenge og vi er alt i gang med å klargjere tomta. Vi meiner tida er moden for å bygge ut no og at det er marknad for det, seier direktør og eigar av Quality Hotel Sogndal, Jørgen Christian Lindstrøm.

Utvidinga vil koste 175 millionar kroner og gje hotellet 111 nye rom. Inne i planane ligg det også ein konferansesal, nytt hageanlegg og parkeringsgarasje.

Utbygginga er planlagt ferdig 1. mai 2019.

Hotellet vart bygd i 1962 og har per i dag 115 rom. Med den planlagde storinvesteringa har konsernet som eig hotellet brukt ein halv milliard på utbygging og utbetringar sidan 1991.

Quality Hotel Sogndal

MODERNE: Sidan det først vart bygd i 1962 har Sogndal Hotel hatt fleire utbyggingar.

Foto: creativision.no / Quality Hotel Sogndal

Doble kapasiteten

Etter utbygginga til 226 rom er hotellet størst i fylket.

– Vi skal bygge ut hotellet med ny soveromsfløy i lenginga av den vi har. Bygget blir i seks etasjar med opp til 21 rom i kvar etasje, og ein konferansesal på 500 kvadratmeter. Vi skal heve hageanlegget, med parkering under og nytt uteareal oppå, seier Lindstrøm til NRK.

Totalprisen er rekna til 175 millionar koner.