Administrerande direktør i Global Fish, Geir Hoddevik, meiner eit stort selskap er einaste utveg for å få ned overkapasiteten i næringa.
- Det som er viktig for oss er å få betre balanse mellom tilgangen på råstoff og den kapasiteten vi har, seier Hoddevik.
Omsetnad på tre milliardar
Å ta ut kapasitet betyr i praksis å konkurrere bort nokre av selskapa som driv med sild og makrell. Global Fish i Ålesund, West Coast i Bergen og Domstein i Måløy er dei største aktørane i dag. No er dei i sonderingar for skipe ein ny og uslåeleg aktør med ein omsetnad på tre milliard kroner. Når ein veit at heile omsetnaden innan sild og makrell ligg på fem milliard årleg, betyr det eit dominerande selskap. Hoddevik stadfestar at planarbeidet er i gong.
Overkapasitet
Det blir snakka om ein overkapasitet i næringa på tretti prosent. Etter det Dagens Næringsliv erfarer, er det Nordea som pressar på for å få til ei samanslåing innan sild og makrell. Banken er ein stor långjevar både til Global Fish og Domstein. Skal ei samanslåing bli vellukka, meiner Hoddevik at selskapet må ha mellom 60 og 70 prosent av marknaden. Hoddevik håpar at eit slikt selskap kan sjå dagens lys allereie dette året.
Planane møtt med skepsis
Planane om å skipe eit stort selskap som skal eksportere sild og makrell vert møtt med skepsis. Jorulf Straume, avdelingssjef i Fiskeri- og havbruksnæringens Landsforening skulle ynskje at overkapasiteten i næringa kunne gripast tak i på ein litt annan måte.
- Det ville kanskje vore betre viss det kunne føregå ei nedbygging som hadde ei større breidde enn det som kanskje blir konsekvensen av at dei største går saman. Men det er mange nyansar og mange konsekvensar i dette her, seier Straume.