- Vi ser på ein slik skule som ein viktig utviklingsaktør som skal vere tilpassa behovet til næringslivet i området, seier Jo Ragnar Sønstlien i Årdal Utvikling.
Skreddarsydd utdanning
Dei har fått selskapet Eduviva til å skissere ein tenkt, felles stor vidaregåande skule for kommunane Årdal, Lærdal og Aurland. Skulen skal utdanne ungdommar som kan gå rett til jobbar i det lokale næringslivet, til industri i Årdal, reiseliv i Aurland eller jordbruk i Lærdal. - Næringslivet har sine spesielle behov for for fagfolk, og då er det viktig å få utdanna folk som har den kompetansen som trengst, seier Sønstlien.
Har kjempa for eksistensen
Dagens vidaregåande skule i Årdal, og landets einaste økologiske jordbruksskule i Aurland har begge måtta kjempe for sin eigen eksistens i fleire år.
Ordførar Knut O. Aarethun i Lærdal. Arkivfoto NRK
- Offensivt utspel
Tanken er at ein ny, felles vidaregåande skule skal bygge på desse to, og dermed trygge dei for framtida. Men ordførar i Lærdal, Knut O. Aarethun, er ikkje med på at satsinga er defensiv. - Dette er tvert imot eit offensivt utspel som tek sikte på å ta vare på det vi har og utvikle det vidare. Det er Sogn og fjordane fylkeskommune som eig dei vidaregåande skulane, og Aarethun meiner fylkeskommunen bør vere interessert i eit partnerskap med tanke på å utvikle ein skule slik Årdal Utvikling har skissert.