Hopp til innhold

Planlagt sildoljefabrikk i Måløy står i fare

Fiskeriselskapet Nergård AS vil investere fleire hundre millionar kroner og skape mellom 15 og 20 nye jobbar, men konkurrenten Pelagia meiner Nergård ikkje har rett til å drive sildoljefabrikk på tomta dei har sett seg ut.

Ulvesund formelfabrikk

VIL STARTE OPP: Nergård-konsernet jobbar med å starte sildeoljefabrikk ved den nedlagde Ulvesundet formelfabrikk i Måløy.

Foto: Ottar Starheim / NRK

I dag kjem saka opp i Fjordane tingrett, og ordførar Morten Hagen (H) i Vågsøy ventar i spenning.

– Utfallet av denne saka vil ha stor betydning for den satsinga som Nergård har sagt dei skal gjere i Måløy. Det vil ha stor påverknad på Vågsøy-samfunnet om den satsinga no blir stogga, seier han.

Usemje om klausular

Nergård-konsernet jobbar med å starte sildoljefabrikk ved den nedlagde Ulvesundet formelfabrikk i Måløy. Men konkurrenten Pelagia, som via eit underselskap i si tid selde tomta til Nergård-medeigar Arne Stang, meiner det heftar klausular ved eigedomen om at det ikkje skal startast konkurrerande verksemd.

Direktør i Pelagia Egil Magne Haugstad er i fylgje Norges Sildesalgslag klar til å møte i tingretten i Førde i dag.

– I samband med dette salet vart det sett ein klausul om at eigedomen ikkje kunne nyttast til konkurrerande verksemd. Vi er tvinga til å gå til retten for å få stogga det, fortel han.

Trygge på å vinne

Tommy Torvanger

TRYGG: Direktør i Nergård, Tommy Torvanger, er trygge på at verksemda vil vinne saka i Fjordane tingrett.

Foto: Arild D. Moe/nrk

Nergård AS er alt i ferd med å bygge den nye fabrikken som skal starte ved årsskiftet. I alt skal det investerast 300 millionar kroner, og innmaten i fabrikken er alt bestilt. Direktør Tommy Torvanger har ikkje tenkt å gi seg.

– Vi er trygge på at vi vinn denne saka. Det er ingen klausul som er avklart i denne saka, seier Torvanger.

Nergård AS omset årleg for to milliardar kroner, Pelagia for nær tre milliardar kroner. Det er svært sentrale aktørar i norsk fiskerinæring som skal møtast i tingretten.

Håpar på Nergård

Ordførar Morten Hagen ynskjer på si side flest mogleg arbeidsplassar. Pelagia er alt tungt inne i Måløy, no håpar han at Nergård vinn i retten slik at endå fleire aktørar kjem på plass i Nordfjord.

– Eg både trur og håpar det går Nergård sin veg i denne saka, slik at vi får i gang denne satsinga som betyr mykje for heile regionen, seier Hagen.

Men begge partane i saka er like sikre på å vinne, i alle fall på utsida. I rettspapira er det eit sentralt poeng at kontraktar med klausular aldri vart underskrivne. Om avtalane likevel er gyldige eller ikkje er partane usamde om.

Vil halde på verksemda

Morten Hagen

VIL HA ARBEIDSPLASSAR: Ordførar i Vågsøy, Morten Hagen, ønskjer å få til den satsinga Nergård har planlagt i Måløy.

Foto: Silje Guddal / NRK

Om Nergård står att med ei fabrikktomt som dei eig, men som ikkje kan brukast, og med mykje dyrt nyinnkjøpt utstyr, er det naturleg å tenke seg at selskapet ser etter ein ny lokalitet til å produsere sildolje.

Men Torvanger vil ikkje seie om dei har nokon plan B verken i Måløy eller andre stadar.

– Det må framtida vise, men vi er svært trygge på at vi skal vinne fram her, seier han.

Ordførar Morten Hagen vil gjere det han kan for å halde på investeringa.

– Vi må sjølvsagt vere positive og prøve å få til det beste om det skulle gå feil veg for Nergård, seier han.