Hopp til innhold

Planlagd helgetur? No kjem dritvêret

Har du nytt finvêret dei siste dagane? Om ikkje, kan du angre. For til helga snur det.

Verkart

SKIFTE: To frontar kjem inn frå vest, og vil gjere at det er slutt på finvêret.

Foto: Meteorologisk institutt

– Det blir definitivt ikkje like bra som dei siste dagane. Det har vore veldig, veldig fint mange stader, men no kjem eit vêrskifte, som startar allereie i kveld og natt kjem, seier meteorolog Steinar Skare.

Meir vind og regn i låglandet

Utover fredag ettermiddag og kveld aukar vinden på til liten storm. I Sogn og Fjordane kan det kanskje bli full storm på kysten.

– Det er meir vanleg vintervêr. To lågtrykk kjem inn over Vestlandet. Det blir snø, sludd og regnbyer. Temperaturen aukar etter kvart, og det blir regnbyer under 2–400 meter, seier Skare.

Laurdag er det utrygt for haglbyer og torever, men temperaturen vil falle att.

– Helga ser skiftande ut. Laurdag dreiar det til vestleg vind. Det blir snø og sludd, og regnbyer langs kysten, seier Skare.

Kle deg godt om du skal til fjells

Dei som har planar om utandørs aktivitet har nok heilt klart håpa at høgtrykket som har skapt det fine vêret dei siste dagane skulle stå mot lågtrykka som pressar på.

Slik blir det ikkje, seier meteorologen.

– Det er helg og mange har nok tenkt seg på fjellet. Den flotte, planlagde helgeturen kjem nok vêrmessig ikkje til å bli like fin som venta. Det blir kuling og nedbør til fjells. Kler dei seg godt og er vande med vêr kan det gå greitt, men følg med på snøskredvarsla.

Elles kan Skare fortelje at temperaturen vil auke merkbart utover søndagen, med fem til sju plussgrader fleire stader langs kysten, og plussgrader så langt inn i landet som Stryn søndag kveld.