Mangelen på råstoff til fiskefôr er rekna som det største hinderet for vidare vekst i oppdrettsnæringa. Men mange av fiskeartane som vert nytta til fôr er alt truga av overfiske. Samstundes meiner naturvernarane at det er uetisk av oppdrettsnæringa å bruke fisk som kan nyttast som mat til å fôre opp oppdrettsfisk.
Plankton like bra
Pellets laga av fisk ved fiskefôr-produsenten Ewos. (Foto: Arild Nybø, NRK)
No har Havforskingsinstituttet forska på dette i tre år, og har kome fram til at fôr laga av plankton er minst like bra som fôr laga av fisk.
Truga av overfiske
Men ein må finne ein effektiv måte å hauste av planktonbestandane på, ein må kome fram til ein måte å produsere fôret på, og ikkje minst må ein syte for at ein ikkje flyttar overfisket frå truga fiskeslag til plankton.