Hopp til innhold

Planar om rulleskibane på Langeland

Langeland skisenter i Gaular har planar om å byggje ei bane for sykkel og rulleski. Bana blir 3,3 kilometer lang og er kostnadsrekna til åtte millionar, skriv Firda. Til avisa seier styreleiar Kjetil Bjørset at dei håpar å få bygd bana i løpet av 2016. – Vi ønskjer å få Langeland til å bli eit anlegg som ikkje ligg brakk halve året.